Illustrasjonsfoto frå E39 Sandane-Byrkjelo.

Sju av ti i distriktet er misnøgde med vegane

Sju av ti i Distrikts-Noreg er misnøgde med standarden på vegane, og di lenger unna ein bur sentrale strøk, di større er risikoen for at ein er misnøgd.


Det viser ei undersøking Kantar har gjennomført for NAF.


På landsbasis svarar 40 prosent at dei er tilfreds med vegstandarden, medan 34 prosent ikkje er det. Blant dei som bur minst sentralt, er derimot 69 prosent ikkje tilfredse, medan 25 prosent er det.


– Dette er eit sterkt signal om at noko må gjerast med forfallet på vegane, og vi etterlyser løysingar frå politikarane før neste tolvårsplan for samferdsel blir lagd fram om eitt år, seier administrerande direktør Stig Skjøstad i NAF.


Forfallet på fylkesvegane er rekna ut til mellom 60 og 70 milliardar kroner, og på riksvegane mellom 30 og 50 milliardar. Mellom anna manglar det 1.660 kilometer midtrekkverk, og 1.500 kilometer veg er for smal for gul midtstripe.


– Eitt år før neste Nasjonal Transportplan (NTP) blir lagd fram, finst det ingen heilskapleg plan for korleis dette skal utbetrast, seier Skjøstad.


(©NPK)