Fartssyndar i Hornindal

Ein 21 år gammal mann, busett i indre Nordfjord, vart i mars målt til 128 km/t i ei 80-sone i Hornindal.

I Sogn og Fjordane tingrett opplyste sikta om behov for førarrett for å kome seg til og frå arbeid. Retten ser ikkje behovet som større enn normalt pårekna, og set såleis ikkje ned tapsperioden.

Tingretten dømde mannen til fengsel på vilkår i 15 dagar, med ei prøvetid på to år. I tillegg til tap av førarrett i sju månader, vart han dømd til å betale ei bot på 12.500 kroner.