Home   >   Nyhende   >   Farevarsel om nedbør på Vestlandet

Arkivfoto frå Sandane sentrum.

Farevarsel om nedbør på Vestlandet

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel på grunn av mykje nedbør på Vestlandet denne veka.

Varselet gjeld frå natt til tysdag 9. oktober til natt til onsdag 10. oktober.

På stadene med mest nedbør kan det komme 70–100 millimeter på 24 timar. Det er fare for overvatn i tettbygde område.

På grunn av regnet sender dei også ut varsel om jordskredfare og flaumfare, og rår innbyggjarane til å halde seg oppdatert på vêrutviklinga og halde seg unna bratte skråningar og bekker og elvelaup med stor vassføring. (©NPK)