Geolog tilrår synfaring på E39 Gullkista i løpet av hausten for å avklare sikringsomfanget.

Fare for nedfall frå skjeringane.

Det er gjennomført ei ny geologisk undersøking av skjeringane ved E39 Gullkista i Gloppen kommune. Rapporten konkluderer med at det er fare for nedfall frå fleire av skjeringane på den vurderte strekninga.


Gloppen Senterparti har bede Statens vegvesen vurdere rasfaren ved E39 Gullkista, og ønskjer at det vert gjort tiltak for å hindre at det kjem nedfall i vegbana medan vegen er open for trafikk.

Ikkje utsett for skred
Ifølgje vegvesenet er det ikkje gjort detaljvurderingar av enkeltparti i samband med kartlegginga som no er gjort, berre generell skildring og vurdering av oppsprekking i området. Det er registrert område med oppsprekking som kan tilseie behov for sikring, men tiltak og omfang må avklarast nærare ved ein inspeksjon i lift.
– Det er viktig å peike på at området ikkje er skredutsett. Her er detsnakk om nedfall frå skjeringane, skriv seksjonsleiar Vigdis Lobenz i eit brev til Gloppen kommune. Statens vegvesen vil prøve å få utført ei detaljvurdering av fjellpartiet i løpet av hausten.
– Sidan vi er avhengige av opphaldsvêr, er det vanskeleg å seie kor tid synfaringa vil skje, peikar
ho på.

Lite sikring
Det er geo- og skredseksjonen som har vurdert skjeringane i Gullkista ved Breimsvatnet. I etterkant har dei laga ein rapport.
– Dette er ei strekning med høge skjeringar, oppsprukke bergmasse,smal grøftebreidde og fleire høge murar ned mot vatnet. Det er registrert sju nedfall frå skjeringane og tre steinsprang i Norsk vegdatabank fram til 2018. Ved to av
hendingane er det ikkje registrert stein i vegen, berre i grøfta. Det er meldt om stenging av vegen vedsteinprang i 1995. Det er truleg underregistrering av nedfall frå skjering på denne strekninga. Ein del nedfall blir fjerna av bilistar og ikkje meldt inn. Driftsentreprenør kan også melde at det kjem ein del mindre nedfall som hamnar i grøfta, står det å lese i rapporten. Strekninga som er vurdert er omlag 650 meter lang. Skjeringane er meir enn ti meter høge over lengre parti. Det er lite sikring i dagens skjeringar. Under synfaring vart det registrert eitt parti med boltesikring og eitt parti med sikringsnett. Sikringsnettet er montert i eit område med oppsprukke bergmasse, og boltesikringa i eit overhengande bergparti.

Behov for tiltak
Geologen meiner det er behov for å utføre sikringstiltak mot nedfall av stein frå dagens skjeringar.
– Sett i samanheng med tilstanden på murar mot Breimsvatnet, er det utfordrande å få til fullgode langsiktige tiltak utover å lage ny veg. Ny veg/tunnel er det tilrådde permanente tiltaket for å sikre strekninga forbi Gullkista, skriv Ingrid B. Hynne.Ho skisserer tiltak som kan bidra til å sikre vegen på kortare sikt: manuell reinsking, bolting og montering



av sikringsnett.