Huseiernes Landsforbund vil framleis ha lokalkontor på Sandane, med Jan Erik Mardal (t.h.) som distriktsleiar. T.v. generalsekretær Morten Andreas Meyer.

Får utvida sørvisområdet sitt

Huseiernes Landsforbund reduserer tal distriktskontor frå 23 til 15, men lokalkontoret for Sogn og Fjordane, som ligg på Sandane, vil halde fram som før med Jan Erik Mardal som distriktsleiar og samarbeidsadvokat.

Endringane trådde i kraft frå 1. juni. Reduksjonen i tal kontor inneber i hovudsak at fylke som har hatt fleire lokalkontor vert slegne saman, men det er også gjort enkelte justeringar for kva geografisk område kvart distriktskontor skal dekke. No skal også medlemene  frå Søre Sunnmøre sørvast frå Sandane-kontoret. For medlemene inneber dette i praksis ikkje noko endring, lokale aktivitetar gjennom lokale kurs vil bli som før.

225.000 medlemer

– Vi gleder oss over ein stadig aukande medlemsmasse som no er passert 225.000, og vil arbeide målretta for å halde på desse. Samstundes ser vi eit potensial til å bli endå større gjennom attraktive rabattavtalar og ikkje minst gjennom det å kunne tilby gratis juridisk, teknisk og økonomisk rådgjeving, seier distriktsleiar Jan Erik Mardal i ei pressemelding.

Huseierne er ein forbrukarorganisasjon som jobbar for å ivareta interessene til alle typar huseigarar, ikkje berre dei som bur i einebustader, men også rekkjehus og leilegheiter i burettslag og sameiger, påpeikar Mardal.

– Politisk gjennomslag 

– I 2018 lanserte vi ein banebrytande Bukostnadsindeks. Der blir det sett fokus på dei aukande bukostnadane for folk flest, og bekymringane våre for kva dette kan gjere med eigarlinja i tida framover, seier distriktsleiaren.

På landsmøtet i Bergen sist helg vart det vedteke eit omfattande arbeidsprogram der nettopp kampen mot stadig aukande bukostnader står sentralt, saman med ei rekkje andre tema som skal sikre at alle skal ha moglegheit til å eige sin eigen bustad i alle livsfasar.

– Huseierne har det siste året sikra merksemd og politisk gjennomslag i fleire viktige saker, mellom anna innstramming i eigedomsskatten og strengare reglar for korttidsutleige. Huseierne har også vore ein viktig bidragsyter i arbeidet med ny avhendingslov, som skal gje ein tryggare bustadhandel for alle partar, seier Jan Erik Mardal.