Heim   >   Nyhende   >   Familievernkontoret i Nordfjord opnar igjen

Per Ståle Husevåg.

Familievernkontoret i Nordfjord opnar igjen

Torsdag morgon opnar Familiekontoret i Nordfjord igjen.

– Vi er tilgjengelege for befolkninga. Tilbodet vil i første omgang primært vere på telefon, seier leiar Per Ståle Husevåg og held fram:

– Eg er veldig glad for at vi igjen kan tilby familiar i Nordfjord hjelp og bistand. Det er kanskje viktigare no enn nokon annan gong, når mange barn og vaksne må vere heime saman heile døgnet i lang tid. Dei aller fleste familiar greier seg fint heime, og tek godt vare på kvarandre. Men for familiar som strevar med relasjonane seg imellom, kan det bli meir krevjande når barna ikkje kan gå på skule eller i barnehage og foreldra har heimekontor eller er permittert frå jobben.

– Derfor er vi som jobbar på familievernkontora bekymra for familiane, og særleg barna. Vi vil derfor gjerne hjelpe familiar som slit. Vi vil vere tilgjengelege først og fremst på telefon. I unntakssituasjonar vil det vere mogleg å avtale møte.