Fallulukke i Lundebotnen

To franskmenn vart torsdag ettermiddag henta med helikopter etter at dei litt tidlegare hadde kontakta 112 og bedd om hjelp i det som vart opppfatta som ein naudsituasjon.

Aksjonen gjekk føre seg i Lundebotnen inst i Kjøsnesfjorden. Politi og redningshekikopter var raskt på plass og etter litt søk vart dei to lokaliserte og henta ut. Ifølgje politiet var det berre ein av dei to som var skada.