Home   >   Nyhende   >   Fagforeining vil bruke heimehjelper som postbod

Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Fagforeining vil bruke heimehjelper som postbod

Fagforeininga Postkom ønskjer å sjå etter alternative måtar for å få posten fram dersom forslaget om å kutte postombering til annankvar dag får fleirtal på Stortinget.

– Sjølv om postbodet berre kjem ut til postkassene annankvar dag, vil poststraumen ut til postkontora, Post i butikk eller distribusjonseiningane gå fem dagar i veka. Om du som mottakar har postboks på veg til eller frå jobb, vil du framleis kunne få post der, seier forbundsleiar Odd Christian Øverland til Nationen.

Foreininga kjem med to konkrete forslag som vil gjere at fleire enn i dag kan dra nytte av denne måten å få post på. Det eine er å byggje ut fleire postboksanlegg, primært på stadar i nærleiken av der folk bur. Det andre er å bruke offentlege tenester, som til dømes heimehjelp, til å levere post til eldre eller andre brukarar. (©NPK)