Fagfolk meiner tilstanden på norske driftsbygningar er blitt dårlegare dei siste åra. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Fagfolk meiner det er for dårleg vedlikehald av driftsbygningar

Fleire takstmenn meiner tilstanden på driftsbygningane i landbruket er blitt dårlegare dei siste åra. Investeringsprioritering har ein del av skulda, trur dei.


– Tilstanden for driftsbygningane er blitt dårlegare dei siste åra, seier Kai-Rune Tollefsen, sivilagronom og takstmann i landbruket, i ei pressemelding frå Norsk Landbrukstaksering.


Eit fleirtal av bransjekollegaene hans deler dette inntrykket, ifølgje pressemeldinga.


– Situasjonen er alvorleg. Avvikling av produksjon er ei medverkande forklaring, men det er inntrykket mitt at det også handlar om mangel på finansiering, seier Tollefsen.


Han meiner utviklinga òg til dels kan skuldast prioriteringar.


– Blant ein del drivarar er det høgt fokus på å investere i betre maskiner og utstyr. Då kan det i nokre tilfelle bli mindre igjen til å vedlikehalde bygningsmassen, seier han. (©NPK)