Heim   >   Nyhende   >   Fagfolk fryktar bunadkunnskapen forsvinn

Foto: Margunn Sundfjord/NPK.

Fagfolk fryktar bunadkunnskapen forsvinn

Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt fryktar at viktige handverkstradisjonar vil forsvinne når fleire og fleire bedrifter vel å produsere bunad i utlandet.

– Vi synest det er problematisk at den nære kunnskapen til lokalmiljø og til draktskikken som bunaden bygger på blir fjernare og fjernare ved ein utanlandsk produksjon, seier Camilla Rossing, leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt til NRK.

Fleire bedrifter flyttar delar eller heile bunadsproduksjonen til utlandet. Rossing meiner det vil få alvorlege konsekvensar for norsk handsaum og norske bunadstradisjonar, og kan føre til at vi mister ein viktig del av kulturarven. Ho meiner òg at billigproduserte bunader i utlandet gjer det vanskelegare for bedrifter å etablerer seg i Noreg. Ho åtvarar om at det vil gå ut over rekrutteringa til handtverket.

Bedrifta Norske bunader sel omkring 4.000 bunadar kvart år, og bruker skreddarar i Kina. Justering og montering blir gjort i Noreg. Esben Thyrum, sals- og marknadsansvarleg i Norske Bunader, er ikkje redd for at kunnskapen skal gå tapt.

– Vi har 40 tilsette i Noreg som vil behalde og vidareføre kunnskapen om norsk handsaum og bunadtradisjonar.

Han meiner produksjon i Kina gjer bunad tilgjengeleg for fleire.

– Vi ynskjer at flest mogleg skal kunne skaffe seg bunad. Òg dei som ikkje har råd til ein bunad til 60.000 kroner, seier Thyrum til NRK. ©NPK)