Illustrasjonsfoto frå Sandane-dagane.

Færre glopparar - fleire sunnfjordingar

Det er blitt seks færre innbyggjarar i Gloppen kommune i løpet av første kvartal 2020. 

Innbyggjartalet i kommunen er no 5.858.

Det er blitt 43 fleire sunnfjordingar i løpet av dei tre første månadene i år. Folketalet i den nye storkommunen er 22.073.

I Nordfjord har både Stryn kommune og Stad kommune vekst. Det er blitt 9 fleire stryningar og 11 fleire innbyggjarar i Stad. Folketala i dei to kommunane er no høvesvis 7.139 og 9.468.

Bremanger kommune har ein folketalsnedgang på 8 og Kinn kommune har ein nedgang på 23 personar i første kvartal.