Heim   >   Nyhende   >   Færre fødslar i Sommar-Noreg

Sjukehus over heile landet forventar færre fødslar enn normalt sjølv om sommaren er høgsesong. Foto: Frank May/NTB scanpix/NPK.

Færre fødslar i Sommar-Noreg

Dei siste ti åra har talet på fødslar i Noreg gått tilbake med over 5.000. I sommar ventar fødeavdelingar over heile landet færre fødslar enn normalt.

14 av 18 sjukehus som Dagsavisen har vore i kontakt med, reknar med at det blir færre fødslar på avdelingane deira i sommarferien.

Sørlandet sjukehus Kristiansand er eitt av sjukehusa som oppgir til avisa at dei i år ventar langt færre fødslar enn i fjor.

– Vi reknar med at det blir fødd cirka 145 barn i kvar av månadene juli og august. I 2018 vart det fødd 181 barn i juli og 167 i august, seier seksjonsleiar for føde og barsel, Hilde Løland Lunde.

Nokre av sjukehusa oppgir at dei ventar omtrent like mange fødslar, medan eit fåtal (Førde, Helgelandssjukehuset, Arendal og St. Olavs hospital i Trondheim) seier at dei reknar med fleire. Det er likevel flest sjukehus som ventar færre fødslar enn normalt, og dette er i tråd med den generelle nedgangstrenden.

I 2008 vart det fødd totalt 60.497 barn i Noreg, medan i fjor enda talet på 55.120, viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Juli har tradisjonelt sett vore ein travel månad på norske fødeavdelingar. Dei siste fem åra har det i snitt vorte fødde 5.382 barn i juli, ifølgje tal frå SSB. Deretter følgjer mai (5.224), juni (5.184) og august (5.167).

(©NPK)