Heim   >   Nyhende   >   Færre er misnøgde med breibanddekninga

Arkivfoto.

Færre er misnøgde med breibanddekninga

Ni prosent av dei spurde i ei undersøking er misnøgde med breibanddekninga der dei bur. Det er ein nedgang på fem prosentpoeng frå 2018.

Ei ny undersøking Sentio har gjennomført på vegner av Nationen viser at 47 prosent er fornøgde med breibanddekninga der dei bur, medan 9 prosent av dei spurde er misnøgde eller svært misnøgde.

I ei tilsvarande undersøking i 2018 svarte 14 prosent at dei var misnøgde med breibanddekninga.

Det er folk i det tidlegare fylket Finnmark som er minst fornøgd med breibanddekninga. Her svarer 33 prosent at dei er fornøgde, medan 16 prosent er misnøgde. (©NPK)