Even lærer kinesarar om Gloppen





Even Eide frå Sandane starta 13. januar på eit frivilligprogram der han held presentasjonar om Sogn og Fjordane, Gloppen og Sandane på ein barneskule i Kina.





– Det er litt som å besøkje ei anna verd. Dei har andre verdiar, og er så interesserte. Dei kjem springande bort til meg med skinande auge og berre ventar på at eg skal seie noko, fortel Eide.





Tilfeldig og spontant





– Frå september til januar studerte eg ved University of Nottingham Ningbo China, og eg valde å bli verande i Kina etter studieslutt. For ei tid tilbake vart eg stoppa på veg til middag av to kinesiske jenter. Dei reklamerte for frivilligprogram i regi av AIESEC, og då eg bestemte meg for å bli i landet, fann eg ut at dette passa fint for meg. Eg valde då prosjektet «Better city life» som einaste europear, seier Even Eide.





– Eg starta prosjektet i storbyen Chengdu saman med andre frivillige, før eg reiste til skulen. Der vart dei 50 med best karakter frå alle årstrinna plukka ut. Alderen varierte frå åtte til tolv år. Her held eg presentasjonar om heimstaden min, med særleg fokus på min eigen oppvekst. Til dette har eg hjelp av tolk, eg kan ikkje nok kinesisk sjølv.





Han fortel at han òg jobba to dagar på eit museum for å oppleve vanlege, kinesiske arbeidsforhold. Der delte han ut kinoprogram til ungar.





– Arbeidet var slitsamt, men òg kjedeleg. Det var lange dagar. Likevel var det kjekt å få møte mange menneske, og mange foreldre oppfordra borna sine til å snakke engelsk til meg, seier Even Eide.





Kvardag av plikter





– Ungane i Kina har nesten ikkje fritid. Landet har eit brutalt skule- og pliktregime, der dei må stå opp grytidleg, jobbe med lekser, og har plikter heime. Ungane er sjokkerte over alt vi har tid til i Noreg, fortel han.





– Særleg reagerte eg på at 60 elevar berre har éin lærar, medan eg i min oppvekst gjerne hadde to i ei klasse på knapt 20 elevar. Dette merka eg kan vere problematisk då ein lærar spurde meg korleis eg har lært engelsk så godt. Eg svarte at mykje av det kjem frå dataspel og TV-program. Ho sukka og forklarte at ungane er under så stort press at dei ikkje får lært engelsk på eiga hand.





Ei anna overrasking var då han lærde dei ulike fotballeikar. Dei flokka seg rundt når han instruerte, men då han trudde dei var utlærde og greidde seg sjølve, vart det raskt diskusjon om kor urettferdig det var at jentene skulle konkurrere saman med gutane.





Presentasjon om Gloppen





I presentasjonane sine legg Even Eide særleg vekt på livet til ungar på deira alder på Sandane.





Særleg entusiastiske var dei til spark, ski og skøyter. Eg viser dei kva side av skulen dei yngste leika på, og kvar dei eldste heldt til. Skulevegen frå huset mitt viser eg òg, og eg forklarer at den varierte etter kva kamerat eg delte vegen med, seier Eide.





– I tillegg fortel eg dei om kva glopparar gjer på fritida. Fjellturar, fiske og jakt. Sistnemnde er dei skeptiske til, sidan jakt ikkje er lovleg i Kina. Laksefiske er dei derimot svært interesserte i. Eg fortel historier om amerikanske lakselordar som kom til Gloppen berre for å fiske laks, og at laksen ikkje er enkel å fiske. Ein må slite han ut, vere tolmodig, og det er på ein måte ein konkurranse mellom deg og laksen. Dette hadde dei mange spørsmål til. Dei lurte på om laksen kan dra deg ut i vatnet, kor sterk han er, og kvifor vi ikkje skyt den i staden.





Turistar for framtida





– Det er kjekt å kunne kartleggje vesle Gloppen i ei landsbygd i Kina, og eg ser ikkje vekk frå at fleire av desse vil reise til heimbygda mi ein dag. Mange har til og med spurt om autografen og heimeadressa mi. Dei første dagane på skulen gjekk det òg ein del sladder om meg, dei kviskra om «waiguoren» som tyder utlendingen. Det var stas å føle seg som kjendis.





Eide seier han fekk spørsmål frå ein gut om kvifor ein er så høge utanfor Kina.





– Eg tenkte for meg sjølv at det kan ha samanheng med underernæringa som har vore i Kina, som òg er grunnen til at dei et absolutt alle delar av dyra. Nokre et til og med hund og katt. Likevel ser eg at min eigen generasjon ikkje er like låge, så eg svarte at han sikkert blir høg ein dag, og råda han til å spele basketball.





– Ei anna kjekk oppleving eg hadde, var ein elev som ikkje ville ut og leike, men heller sitje inne. Eg snakka litt med han med den avgrensa kinesisken min, og lærde han å teikne vikingar. Eg sa til han at dette var vår løyndom. Han hadde alltid eit lurt smil kvar gong eg såg han etter det.