Både store og små tykte det var kjekt at det vart Even Hole Cup i år også

Even Hole Cup i strålande sol

-Det var kjekt at vi i Jølster Alpin og Jølster skisenter fekk lov til å arrangere Even Hole cup i år, sa leiar for Jølster Alpin, Tone Lin Støfring Skovro, då ho avslutta arrangementet skjærtorsdag og ønskte vel heim.



Også mannen som har gitt namn til arrangementet, Even Hole, tykte det hadde vore kjekt. Sola skein, mykje folk i ein godt preparert bakke, og over 80 store og små til start i storslalåmrennet som også fungerte som lagsmeisterskap for Jølster.



Kjekt med renn

Det var stor semje mellom deltakarar og publikum om at det var kjekt at det vart renn i jølster sidan Utvikfjellet ikkje kunne arrangere. Alle var også imponerete over at bakken var så fin, trass at vi er langt ute i april.

Anders Felde frå Breimsbygda var sjølvsagt til stades og prøvde seg først med ein liten spøk om at det var ein nedtur å måtte reise til Jølster for å få med seg Even Hole Cup, men han tok seg fort inn att og tykte det var kjekt at det vart renn og han rosa arrangørane som hadde teke på seg å avvikle rennet. Felde var elles den einaste som vart diska etter å ha bomma på ein port, men han fekk likevel køyre andre omgang.



Even Hole hadde sjølvsagt startnummer på, i tillegg til å dra i trådane, og han tykte alt i alt at det hadde vore ein kjekk dag.

-Det er viktig at det skjer noko og det er viktig å få barn og unge med, og det har vi klart i dag, sa Hole som annonserte på slutten av dagen at Even Hole Cup garantert vil vere tilbake på Utvikfjellet neste år.

Frå nærområdet

Dei aller fleste av dei 80 startande var frå Jølster, Breimsbygda og Førde. Men det var også deltakarar frå Haugen IL, Askøy og Kjelsås. Alderen på deltakarane varierte sterkt og dei yngste var 7 år, medan dei eldste har passert 60.

I klassen 56-100 år fann vi Atle Hamar som også var rennleiar.



-I dag er alt lov og det går an for jurymedlemmer å ha startnummer, sa Hamar som stilte til start sidan det var lagsmeisterskap, noko han har vore med på kvart einaste år sidan 1975.

-Treningsgrunnlaget er elendig, fortalde statssekretæren som tykte det var trist at han ikkje får med seg resten av lagsmeisterskapen som går av stabelen måndag og tysdag.

-Eg er eigentleg best i slalåm, sa Hamar som måtte køyre to førsteomgangar, sidan tidtakaranlegget streika akkurat når han køyrde. Dette røynde på ein litt utrena kropp og han klaga over stive lår etter to turar rett etter kvarandre ned den relativt lange løypa.

Også kyrkja stilte opp

På Utvikfjellet har det i mange år vore gudsteneste under Even Hole Cup. Denne tradisjonen ønskte arrangørane i Jølster å ta med i sitt arrangement.

Sokneprest Silje Sørebø som har god trening med friluftsgudstenester både høgt og lågt, var ikkje tung å be når Even Hole ringde og spurde om ho ville stille.



-Eg tykkjer det er fint at kyrkja kan stille på eit slikt arrangement og eg tykkjer det har vore kjekt å vere her, sa presten som ikkje har hatt gudsteneste i ein alpinbakke før, og som også fungerte som organist, ei oppgåve ho kom godt i frå. Ho hadde elles med seg ein av dei to prestestudentane som har praksis i Jølster for tida. Han tok seg av preikinga.

-Dette kan du godt gjere kvar søndag sa Torje Bjellaas til presten etter at gudstenesta var over.

 



 

Sokneprest Silje Sørebø hadde med seg prestestudent Jørgen Johnsen som tok seg av preika i skisenteret.
Brødrene Aarøen Taklo frå Jølster vann all sin klasse. F.v.: Kjetil, Jørgen og Håvard
Dei to raskaste i rennet var Jørgen aarøen Taklo frå Jølster og Julie Helle Felde frå Breimsbygda.
-Vi blir berre betre og betre med åra, smilte Ole Tom Almenning, Breimsbygda. Her t.h. på pallen i lag med Atle Hamar og Even Hole.
Atle Hamar var både rennleiar og deltakar i rennet.
Gutar U12 hadde 11 deltakarar. Her dei sju raskaste med Kjetil Aarøen Taklo på toppen av pallen
Jørgen aarøen Taklo mot mål til dagens beste tid.