Eva Weel Skram blir å sjå og høyre på TIN-CAMP i Trivselsskogen ved Sandane neste fredag. Pressefoto.

Eva Weel Skram til TIN-CAMP

Trivselsskogen og SFE inviterer til konsert med Eva Weel Skram på TIN-CAMP 27. september.

– Eva Weel Skram si unike songstemme ein haustkveld i Trivselsskogen – dette blir ikkje anna enn magisk, seier ein entusiastisk leiar for Trivselsskogen, Christine Aagård Midthjell, i ei pressemelding.

Kosekveld i friluft

Eva har med seg sin makker og ektemann Thomas, og musikarparet kjem til Sandane allereie på torsdag for å syngje under næringskonferansen Kraft i Vest. Konserten i Trivselsskogen dagen etter er eit sponsorbidrag til Trivselsskogen frå SFE.

– Vi fann ut at vi kunne leige musikarane ein dag ekstra etter konferansen vår, og med det skape både eit inntektsgivande arrangement for Trivselsskogen og ein skikkelig «kosekveld i friluft» for familiar, ungdom og eldre, seier Jannicke Lindvik, kommunikasjonssjef i SFE.

Må kle seg etter vêret

På TIN-CAMP finst både grillar og pizzaomnar, og her kan publikum ta med seg mat eller kjøpe seg nysteikt pizza.

– Vi opnar serveringa på TIN-CAMP to timar før konserten byrjar. Ein kan ta med seg stol om ein ønskjer, men her er òg mange sitjeplassar, seier Aagård Midthjell som ønskjer å fylle Store Skogsamfi med folk i alle aldrar.

Arrangørane håpar på godt vêr, men peikar på at folk må kle seg, og ikkje minst ungane sine, etter vêret.

Godt kjend med Sandane

Eva Weel Skram er godt kjend med Sandane og Gloppen etter tre år på Firda vidaregåande skule.

– Eg gleder meg veldig til å kome tilbake til Sandane for å spele, og til endeleg å få oppleve Trivselsskogen. Det blir årets siste utandørskonsert, og med ei så fin ramme rundt oss trur eg det kan bli ei ganske så magisk stemning ilag med publikum i skogen, seier Eva.

– Det vert differensierte prisar for born, ungdom og vaksne, og vi håpar at arrangementet vårt fell i smak. På TIN-CAMP er det plass til mange, og ved å kjøpe billett og møte opp, bidreg ein òg til å støtte det store folkehelsearbeidet som er lagt ned i Trivselsskogen, avsluttar Aagård Midthjell.