Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Etterlyser sjåføren som rygga frå raset

Raset på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Jan Helge Albu, Statens vegvesen.

Etterlyser sjåføren som rygga frå raset

Ein bil vart observert ryggande unna det store rasett som kom ned på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld. No vil politiet svært gjerne ha kontakt med føraren av denne bilen, skriv Bergens Tidende.  

– Vedkomande var den første som kom til staden etter raset, og kan derfor ha verdifull informasjon, seier lensmann Dag Fiske til avisa.

– Men kva bil det var og identiteten til føraren har vi så langt ikkje klart å få tak i. Vi ønskjer svært gjerne at ho eller han tar kontakt med oss, seier Fiske.

Det same raset tok med seg ein bil. Det blir no leita etter føraren som ein antar er omkomen. Mannen i 50-åra har tilknyting til Jølster.