Frå vinter-OL på Lillehammer i 1994. Foto: Jan Greve/NTB scanpix/NPK.

Etterlyser OL-bussjåførar frå 1994

Meir enn tre tusen bussjåførar frå heile landet gjorde ein innsats for at transportkabalen under OL på Lillehammer i 1994 skulle gå opp. No skal det arrangerast fest for dei, men festkomiteen finn ikkje alle.


– Flinke sjåførar fortener ein fest, meiner Jon Austrheim, tidlegare trafikksjef i Firda Billag.


No er han på leit etter alle som køyrde buss under OL på Lillehammer, skriv avisa Firda.


Det skal arrangerast fest for alle OL-bussjåførane, og samtidig markere 25-årsjubileet for OL.


– Vi ønskjer å heidre sjåførane, og vise at vi set pris på dei, seier Austrheim som er i arrangementskomiteen.


Under OL var han transportsjef i Firda Billag, men jobbar i dag for Toten transport.


Men det er ikkje så lett å finne over tre tusen tidlegare bussjåførar. Mange av busselskapa dei jobba i for 25 år sidan finst ikkje lenger.


– Nordfjord og Sunnmøre Billag er historie. Sogn Billag er vekke og eksisterer ikkje lengre. Mange har pensjonert seg. Bransjen er bygd opp på ein heilt anna måte no enn for 25 år sidan, og difor er det veldig vanskeleg for oss å få tak i dei, seier Austrheim.


Sjølve festen skal vere 11. februar, på Lillehammer. Til no er 100 personar påmelde, men Austrheim fortel at dei har plass til mange fleire. ©NPK)