Home   >   Nyhende   >   Ernæringsekspert uroa over at unge et for lite fisk

Ernæringsfysiolog er uroa over at unge stadig et mindre fisk. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Ernæringsekspert uroa over at unge et for lite fisk

Unge et stadig mindre fisk. Ein ernæringsfysiolog er uroa over utviklinga. Ho fryktar dei unge går glipp av viktige næringsstoff.

– Vi veit ofte at unge kan ha ei utfordring med å dekke vitamin D-behovet, og feit fisk er ei god kjelde til det vitaminet, seier Ragnhild Fimreite, som er klinisk ernæringsfysiolog, til NRK.

– Undersøkingar viser òg at jod-inntaket er veldig variabelt og lågt hos enkelte grupper, og her er gravide særleg utsette. Jod er eit naudsynt mineral for normal hjerneutvikling hos foster og små barn, legg ho til.

Rådet frå Helsedirektoratet er å ete fisk til middag to til tre gongar i veka. I fjor åt nordmenn under 49 år 21 prosent mindre fisk enn året før, ifølgje tal som Noregs sjømatråd har fått frå analysebyrået GfK. Sidan 2012 har nedgangen vore på 29 prosent.

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Veronica Pedersen Åsheim (Frp) seier at dei jobbar aktivt for å få opp sjømatinntaket blant barn og unge.

– Vi har sett i verk tiltak for å få opp konsumet, spesielt blant barn og unge, fortel ho til statskanalen. ©NPK)