Heim   >   Nyhende   >   Erna Solberg og Fantorangen har laga musikkvideo

Bilete frå muiskkvideoen. NRK.

Erna Solberg og Fantorangen har laga musikkvideo

I musikkvideoen til songen «Sammen alene» syng mange barn og vaksne saman, men frå kvar sin stad. Dei syng mellom anna om heimeskule, om å ikkje kunne gi venner ein klem, og ikkje få besøkje besteforeldre, men at ein gjer det saman, og at det kjem til å gå over.

– Ideen var å lage ein song som alle barna kan synge der heime, og at dei då kunne kjenne seg litt mindre åleine. Vi håper at det blir mykje allsong etter kvart, seier programredaktør for NRK Super, Hildri Gulliksen.

Også statsminister Erna Solberg er med og syng. Frå videoen. NRK.

NRK Super håper at musikkvideoen kan gi barn trøyst i ei utfordrande tid.

– Vi ønsker å gi barn ei kjensle av fellesskap og håp. Det er mange barn som ikkje har det så bra for tida, og som treng å kjenne at dei ikkje er åleine. Sjølv om situasjonen er forskjellig og vanskeleg, så skal dette gå over, seier Gulliksen.

(©NPK)