Statsminister Erna Solberg helsar på lensmann Dag Fiske i Førde før brifinga om redningsarbeidet etter rasulykka i Jølster. Solberg er på valkamp-turneen på Vestlandet. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Erna Solberg får kritikk for ikkje å besøke Jølster

Statsminister Erna Solberg (H) besøkte nabokommunen Førde, men heldt seg unna skredramma Jølster. Det reagerer dei lokale på.


– Eg synest det er veldig uheldig og gir eit dårleg signal ut til folket at Erna Solberg ikkje har vist seg i Jølster. Ikkje minst når vi ser kor store øydeleggingar heile kommunen har opplevd i det siste, seier Leiv Bjarte Svidal til Dagbladet.


Han meiner det ville vore naturleg at statsministeren besøkte kommunen sidan ho var i nærområdet torsdag.


Erna Solberg svarer på kritikken med å seie at ho ikkje ville vere i vegen for arbeidet som går føre seg. Ho ønskjer heller ikkje å bruke Forsvaret sine ressursar som er sette inn i arbeidet.


– No var eg lagt opp for å vere i Førde i kveld. Her har dei hatt kommandosentralen, og eg har fått dei orienteringane som er. Så har eg stor medkjensle og omtanke for dei som er i området, seier ho til avisa.


(©NPK)