Statsminister Erna Solberg kjem til Sandane torsdag føremiddag. Dette biletet er frå sist ho var på Sandane, i 2017. T.h. Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa.

Erna kjem til Sandane

Statsminister Erna Solberg og eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen vitjar Gloppen i morgon. 

Matglede for eldre står på programmet når duoen besøkjer Gloppen omsorgssenter torsdag føremiddag. Omsorgssenteret er kjent for sin gode og næringsrike mat, og blei i 2017 vinnar av Gylne Måltidsøyeblikk.

Statsministeren og eldre- og folkehelseministeren skal møte bebuarar og tilsette på omsorgssenteret, smake på maten og høyre om korleis omsorgssenteret har klart å skape matglede for eldre.

Åse Michaelsen skal i tillegg ha møte med fleire av dei lokale eldreråda. Det skjer i Gloppen heradshus etter vitjinga på omsorgssenteret.