Erlend Apneseth. Foto: Oddleiv Apneseth.

Erlend blei årets artist

Laurdag kveld Erlend Apneseth kåra til årets artist, VILNES til årets nykommar og Inge Ronny Kvåle til årets blest i Sogn og Fjordane.

Prisane vart delte ut under ein utseld Luttpris-fest med rundt 600 personar i salen. Luttprisen er delt ut sidan 2006, men dette var siste gong prisane vart delte ut for Sogn og Fjordane som eige fylke.

- For ein fantatisk fest dette vart for musikken i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, sa programleiar Arianhrod Engebø og prosjektleiar Stian Sjursen Takle under det direktesende showet.

Alle vinnarane får stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Årets artist
Luttprisen som årets artist var det Erlend Apneseth frå Jølster som fekk. Juryen kallar han både ein tradisjonsbærar og ein totalmodernist i bruken av hardingfele.

Albumet Salika, Molika, som kom ut i 2019, er Erlend si sjette plate og hans tredje i konstellasjonen Erlend Apneseth trio.

Med Salika, Molika befestar Erlend Apneseth trio sin posisjon med nytenkande, spennande og fengjande musikk i kryssingspunktet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Plata har fått strålande kritikkar og har allereie mottatt NOPA-prisen og blitt nominert til Folkelarmprisen.

Årets nykommar

Luttprisen til årets nykommar gjekk til VILNES frå Atløy.

Det har verkeleg tatt av for den hardtarbeidande musikaren i 2019. Han har spelt på store og mindre arenaer, gjort eit stort tal konsertar og han har fått mykje radiospeling for låtane sine, mellom anna i norges største radiokanal NRK P1. Av ein britisk radiokanal vart han også kåra til «Årets mannlege artist.»

Årets blest
For første gong vart Luttprisen til årets blest delt ut laurdag. Denne prisen skal gå til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å løfte musikarane frå fylket. Denne prisen gjekk til Inge Ronny Kvåle frå Sogndal.

Han har i ei årrekkje gjort ein formidabel innsats for musikklivet i fylket som produsent, musikar, låtskrivar og arrangør utan å stille seg sjølv i fremste rekke. Han har eige platestudio, har spelt i ei mengd band og har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, både amatørar og profesjonelle. Han gjer det mogleg for musikarar å spele inn musikken sin, han arrangerer store og små konsertar for å løfte dei fram, han spelar sjølv ei mengd strengeinstrument, han skriv låtar, lagar musikk til TV og han jobbar i kulturskulen.

Siste gong frå Sogn og Fjordane fylke
Dette var den siste gongen Luttprisen vart delt ut for Sogn og Fjordane fylke. Tidlegare har artistar som Eva Weel Skram, Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Karl Seglem og Good Time Charlie fått Luttprisen.

I juryen sat Pål Fidjestøl, Elise Hessevik, Tore Dvergsdal, Hilde Bjørkum, Øyvind Lyslo, Kristin Sandal, Stein Aase, Ivar Bruvik Sætre, Andreas Macsik og Jan Inge Fardal.

Jølstringen Erlend Apneseth vart kåra til årets artist under den siste Luttpris-utdelinga for Sogn og Fjordane fylke.