Home   >   Nyhende   >   Erik Ulfsby blir ny styreleiar i Språkrådet

Teatersjef Erik Ulfsby på Det Norske teater er utnemnd til ny styreleiar i Språkrådet. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Erik Ulfsby blir ny styreleiar i Språkrådet

Kulturdepartementet har utnemnd teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske teatret til ny styreleiar i Språkrådet.  

– Det er ein styrke at Språkrådet får ein styreleiar med bokmål som hovudmål, men som også har nynorsk som viktig språk i arbeidskvardagen sin, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Ulfsby tek over leiarvervet i Språkrådet etter Guri Melby som no møter på Stortinget som vararepresentant. Eli Bjørhusdal erstattar Liv Kari Eskeland som møter som fast representant på Stortinget.

Dette er dei som er med i styret for Språkrådet til utgangen av 2019: Erik Ulfsby (styreleiar), Trond Trosterud (nestleiar), Jan Erik Knarbakk, Eli Bjørhusdal, Terje Lohndal, Hege Myklebust og Torunn Reksten. (©NPK)