Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Er konstituert som kultursjef

Er konstituert som kultursjef

Rådmannen har konstituert Kjersti Rønningen i 50 prosent stilling som kultursjef i Gloppen fram til ny sjef kan starte, truleg rundt 1. november i år.

Rønningen har lang fartstid i kultursektoren i Gloppen, der ho i dag er fritidsleiar. Ho er også lærar ved Gloppen opplæringssenter i halv stilling. Konstitueringa gjeld frå 15. august.