Heim   >   Fylket   >   Er 490 millionar i minus frå start

Er 490 millionar i minus frå start

Vestland er 490 millionar kroner i minus. Torsdag kveld kom fylkesrådmannen med forslag til korleis fylket skal løyse dei økonomiske utfordringane.

Årsaka til at Vestland fylke startar med fleire hundre millionar i minus, er i hovudsak investeringane som er gjort i utsleppsfrie ferjer i Hordaland, fortel Fylkesrådmann Rune Haugsdal til Bergens Tidende. Det er spesielt drifta av dei som har ført til store kostnader.

– Av den halve milliarden vi må kutte, er 380 millionar kroner knytte til nye ferjeavtalar, seier Fylkesrådmannen.

Han foreslår å redusere avdragsbetalingar på lån, og nytte kraftpengar, og dessutan overskot frå førre budsjett for å kvitte seg med 400 av millionane neste år.

Dei resterande 100 millionane i minus føreslår han å tene inn med å kutte i allereie eksisterande tilbod til innbyggarane i Vestland. Tilbod som skulefrukost, meningokokkvaksinar (hjernehinnebetennelse), skulepsykologar og PC-ar til elevane i vidaregåande skule står på forslagslista over kutt.

Rådmannen foreslår å kutte til saman 36 millionar kroner innanfor opplæring neste år. I mobilitets- og kollektivfeltet skal det kuttast 41 millionar i neste års budsjett. Fem millionar blir foreslått fjerna frå tannhelsetenesta.

Det er fylkespolitikarane som til slutt må vedta kva kutt som skal gjennomførast og ikkje. Det skal gjerast i desember.

Den nye fylkesordføraren Jon Askeland (Sp) meiner regjeringa ikkje har gitt Vestland nok pengar etter fylkesreforma. Han meiner òg at dei har fått dårleg oppfølging av klimasatsinga i statsbudsjettet. (©NPK)