Heim   >   Fylket   >   Epla modnar på rekordtid

Epla modnar på rekordtid

Eplesesongen i år har vore kort og intens. Det har ført til kapasitetsproblem på fruktlagera.

På fruktlageret på Utne i Ullensvang har det kome inn 1600 tonn eple på fire veker. Det er like mykje som det kom på over sju veker i fjor.

– Vi har hatt ein utruleg hektisk sesong. Det er heilt ekstremt at vi har hatt ein så kort periode der alt skulle inn. Vanlegvis bruker vi sju- åtte veker. No måtte vi gjere det på halv tid, seier Sigbjørn Larsen Brusletto, dagleg leiar i Hardanger Fjordfrukt til NRK.

Også eplebøndene har hatt hektiske veker.

– Du kjenner det på kroppen når det er så hektisk, seier fruktbonde Olav Velken på Utne i Ullensvang til statskanalen.

– Sesongen har vore fantastisk. Volumet er stort og kvaliteten er enorm. Utruleg hektisk, seier fruktbonde Kari Sigrun Lysne i Lærdal. (©NPK)