Heim   >   Fylket   >   Endring i postlova kan gje færre dagar med lokalavis på døra

Bord fullt av lokalaviser under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen i helga. Mange gler seg over mediestøttemeldinga, men fryktar ny postlov. Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Endring i postlova kan gje færre dagar med lokalavis på døra

I april blir postlova endra. Posten vil redusere talet på dagar med postombering til 2,5 dagar i snitt i veka. Det kan bli skummelt for lokalavisene.

– Dersom dei kuttar ombering til annankvar dag, utan å kome med kompenserande tiltak, vil det ikkje vere leveleg for mange av medlemmene våre. Mange aviser har per i dag ingen alternativ til postlevering, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser (LLA) til Klassekampen.

Fredag jubla han for mediestøttemeldinga, der kulturminister Trine Skei Grande (V) og regjeringa ønsker å sluse ein større del av mediestøtta til lokalavisene. Men utan postlevering, kan det sjå mørkt ut likevel. Hetland tar likevel ikkje sorgene på forskot.

– Inntil vi ser noko anna, håper og trur vi at den nye postlova blir til å til å leve med for lokalavisene, seier han.

Per i dag leverer Posten rundt 15 prosent av avisene i landet, noko som svarer til 173.000 eksemplar kvar dag. I dag blir det levert post fem dagar i veka i snitt i Noreg, men Posten ønsker 2,5 omdelingsdagar i snitt, på grunn av nedgangen i brevpost.

Samferdselsdepartementet vil verken «avkrefte eller bekrefte» om endringane i postlova kjem denne veka, berre at dei blir offentleggjorde i april. (©NPK)