Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Endeleg vart det poeng

Svenskane vart for lette for dei raudkledde. Foto: Anne Kvellestad Klakegg

Endeleg vart det poeng

Etter å ha tapt dei to første kampane, kunne det norske kjelkehockey-laget og Jan Roger Klakegg  endeleg juble då dei i natt slo Sverige.

 

Den jamne kampen mot Italia, som dei tapte på straffeslag, vart avgjerande for håpet om bronse som no er knust.

Klar siger

Det det handlar om no, er ein av plassane frå 5-8 sidan laget vart nr tre i si gruppe med Canada, Italia og Sverige. Det blir no Italia som får den semifinaleplassen som Noreg hadde som mål å ta.

Det sto til slutt 3-1 til Noreg etter perioderesultata 1-0, 2-1 og 3-1. Svenskane gjorde eit desperat forsøk på utlikning på slutten, og tok ut keeper på stillinga 2-1. Det resulterte i ei norsk skåring på ope mål.

– Det vart ein spennande kamp og laget jobba godt.  Dei fekk vel kanskje ikkje til spelet heilt som dei hadde tenkt,   men  vi er veldig nøgde  og no skal dei møte Japan i natt. Den kampen bestemmer om vi skal kjempe om 5- 6 plass eller 7-8 plass, fortel vår utsende i Sør-Korea, Anne Kvellestad Klakegg.

Svenskane måtte bite i graset for dei norske iskrigarane. Foto: Bob Martin AFP