No er det 20 smitta i Sunnfjord

Endå ein smitta i sunnfjord

Ordførar i Sunnfjord kommune, Olve Grotle, melder i dag at talet på koronasmitta no er oppe i ti, men at vi må rekne med at talet vil auke framover.

Sunnfjord kommune skal opprette såkalla kohort-avdelingar, det vil seie rom der koronasmitta kan isolerast utanom sjukehus. Ifølgje ordføraren er den første avdelinga klar 1. april, medan dei to-tre andre blir klare litt seinare.

Reservestyrke

-Omdisponerering og omplassering av interne ressursar i kommunen er nå er begynt. Generell tilbakemelding er at dette går fint, og at tilsette viser stor vilje og forståing for behovet som nå melder seg meir og meir. Når det gjeld reserverstyrken (32 personar pr i dag) av eksterne folk med helsefagleg kompetanse, er vi endå ikkje begynt å trekke på denne, men det kan skje om ikkje lenge, seier ordføraren.