Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Emilie er tildelt Draumestipendet

Emilie Evebø Larsen er tildelt stipend på 10.000 kroner.

Emilie er tildelt Draumestipendet

Emilie Larsen Evebø er ein av dei heldige som er tildelt Draumestipendet 2017. – Dette er svært kjekt og betyr mykje for meg. Eg vart veldig overraska då eg fekk vite det, seier ho.

Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping.

Gjennom å dele ut 100 stipend på 10.000 kroner ønskjer ein mellom anna å synleggjere det arbeidet kommunane gjer for born og unge og samtidig gje dei verdifull inspirasjon. Håpet er at Draumestipendet vil bidra til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar.

Har lyst å gje ut bok
Emilie Larsen Evebø går 2. året studiespesialisering ved Firda vidaregåande skule, og skriv engasjert og reflektert om samfunnet rundt seg. Ho skriv både noveller, kreative tekstar og fagtekstar. Ho hentar mykje av inspirasjonen frå det som skjer i kvardagen – i samfunnet, i naturen og frå menneska rundt henne.

– Tildelinga av Draumestipendet er ei stadfesting på at eg får det til. Då er det mykje kjekkare å halde fram skrivinga, seier ho.

– Har du tenkt over kva du skal bruke pengane til?

– Eg har lyst til å spare dei, slik at eg kan bruke dei til å gje ut ei bok. Eg held på å skrive ei skjønnlitterær barne- og ungdomsbok som er realistisk. Boka handlar om ei jente som går på ungdomsskulen og som kjem opp i ulike situasjonar som ungdomar vil kjenne seg att i. Hovudpersonen lever eit heilt vanleg liv, og har same syn på samfunnet som eg har, fortel ho.

Stipendet blir delt ut på Heradsplassen 10. juni under Gloppen kulturskule sin sommarfest.