- De kan få tomtar av meg, sa Elsa Viken Gautefall og hausta applaus.

Elsa lova vekk garden sin

- No skal eg gje Jølster kommune, eller Sunnfjord kommune, eit tilbod. De får beita våre ovanfor tunet til tomteareal. Denne bomba detonerte Elsa Viken Gautefall på tampen av folkemøtet om tettstadutvikling på Skei torsdag kveld.



Bruket til Elsa, og mannen Einar Gautefall, ligg i eit område som er tenkt til næringsareal, men landbruksjorda på bruket har ein klausul der det heiter at den skal vere det siste som blir teken i bruk. Men bruket er bandlagt og har såleis ei uviss framtid som landbruksareal.

- Har endra syn
- Eg har kjempa i mot denne reguleringa med nebb og klør og har heile tida sagt at eg ikkje vil ha bruket bandlagt, og i alle fall ikkje noko industriområde. Men no har eg tenkt og på ein måte endra syn. Vi må snart gje oss som bønder, og dei finaste tomtane i Skei-området ligg ovanfor tunet vårt. Så, ver så god her har de tilbodet, sa Elsa etter at det frå fleire hadde blitt lagt vekt på at tomtar og bustader er svært viktige element når det gjeld utviklinga av Skei. tilbodet til Elsa Viken Gautefall hausta applaus, men skal dette bli aktuelt, må det nok til ei ny runde med arealplanlegging.

Fekk tilbod om å byte
Etter møtet utdjupa Elsa Viken Gautefall kvifor ho vil stille tomteareal til disposisjon.

- Eg er pensjonist og Einar blir det om ikkje så veldig lenge. Vi veit ikkje kor lenge vi lever og det er om å gjere å rydde opp etter seg medan vi er nokolunde klåre i toppen. Både ho og Einar har vore lærarar i tillegg til å drive garden og ifølgje Elsa så kunne eit alternativ vere å selje til nokon som vil drive, men sidan bruket ligg i regulert område, så er ikkje det så enkelt heller.

-Eg har ein tomt der borte, sa Jostein Sunde og peika vestover mot Brendehaugane på Kjøsnes. Den kan du få, så kan eg kjøpe garden din, sa mannen bak entreprenørfirmaet Jostein Sunde AS. Han har hatt grunnarbeidet på dette feltet og er medeigar i selskapet som står for tilrettelegging av veg, vatn og kloakk.



Bustader er viktig
innspela frå publikum på Skei, låg mykje i same gata som på Vassenden. det handla mykje om nok tomtar og bustadar, skule, barnehage og andre tenestetilbod. Men på Skei var det også, i langt større grad enn på Vassenden, snakk om næringsutvikling.

- Kvifor skal vi berre snakke om at folk kan komme til Skei for å bu, bør vi ikkje også kunne tilby arbeidsplassar?, spurde Gerd Sunde Førde. Bjørn Anders Steinsund meinte at det burde på plass eit tyngre utviklingsselskap enn dei organisasjonane som eksisterer i dag og det ville han få til gjennom samanslåing. Elles høyrde vi mykje snakk om betre marknadsføring av tilbod som finst og utnytte den geografiske plasseringa. Det siste  har vore ein  gjengangar så lenge rundkøyringa på Skei har eksistert, og det vart mellom anna peika på at døgntrafikken forbi Skei er større enn i turistmagnaten Lom. Såleis var det mange som hadde tankar om å stoppe turistane og ideane var mange. Opplegg for barnefamiliar var noko av det som gjekk att, det same med betre marknadsføring. Ein av dei beste replikkane kom frå Gerd Sunde Førde som ville informere Ole Johan Østenstad om at myta om kranglete jølstringar er ein smule overdriven.

-Vi er ikkje kranglete, vi er berre engasjerte, sa ho.

Desentraliserte kommunehusfunksjonar
Dette er eit omgrep som har dukka opp i kjølvatnet av kommunesamanslåinga og som handlar om å legge til rette for at det framleis skal vere lys i kommunehusa i Jølster, Gaular og Naustdal. Ole Johan Østenstad brukte det på Vassenden onsdag og kanskje med endå større tyngde på Skei, der det har vore uttrykt ein viss skepsis til kva som skal skje med framtida til desse husa.

-Teknologien er kommen så langt i dag, at tilsette treng ikkje fysisk vere der dei "høyrer heime"Ein ingeniør som bur her kan fint sitte på kommunehuset på Skei, sjølv om han eigentleg høyrer til ei avdeling som ligg i Førde. Vi har aldri tenkt tanken om at alt skal til Førde, det er det ikkje plass til ein gong, sa Østenstad som var oppteken av at heile den nye kommunen skal takast i bruk.

-Eg må seie at eg vart litt rolegare av det som har vore sagt her i kveld, sa Magne Skrede, som mang ein gong har uttala seg skeptisk til kommunereforma og framtidig utvikling i det noverande kommunesenteret.

 



Rekordframmøte
Også på Skei var det uvanleg stort frammøte, og ifølgje arrangøren, Sunnfjord Utvikling, så var det 171 menneske innom dørene på hotellet, noko som gjorde at ein vegg måtte fjernast og fleire stolar og bord måtte inn. Dermed kunne arrangørane notere seg for nok ein publikumsrekord og den som vart notert på Vassenden onsdag, vart såleis berre eitt døgn gammal. På Skei var det også svært mange unge menneske å sjå.

- Eg hadde på ingen måte venta så mykje folk, sa Jan flølo i PwC som har hatt ansvaret for tettstadsanalysane for dei fem tettstadane som har vore under lupa. Etter folkemøta skal konsulentselskapet summere opp tankane som er komne inn, og levere ein rapport. Formålet med analysane som er utførde for tettstadane er å kartlegge kvalitetar og utfordringar og å invitere innbyggarane til å komme med tankar og idear om korleis tettstadane kan utviklast vidare i den nye kommunen.

-Når kjem oppsummeringa?

-Om ein månads tid, svara Flølo som neste veke skal vere med på det siste folkemøtet, i Naustdal.



 

 

 

-Vi er ein uslipt diaman som kan bidra med mykje i den nye kommunen, men vi må bli tekne omsyn til, sa Gerd Sunde Førde.
170 menneske på folkemøte imponerte arrangørane.
Arbeid, bustad og gode tenestetilbod såg Bjarte Steinsund som viktig. Han var ein av mange ungdomar på folkemøtet.