Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Elevar kan bli krisehjelp i våronna

Både fagfolk og bønder har tru på at skuleelevar kan bli ein viktig ressurs for landbruket i våronna og under innhaustinga i år.

– Mange av dei rundt 200.000 elevane på vidaregåande skular landet rundt har allereie allsidig erfaring med arbeid i fritid og feriar – både i landbruk, helsevesen og ulike serviceyrke. Desse bør kunne vere ein ekstraressurs under koronakrisa, seier styreleiar i Naturbruksskolenes Forening, Trond Håvard Bjørnstad, til Nationen. Han er også avdelingsleiar ved Voss vidaregåande skule.

Rundt 60 vidaregåande skular har naturbruk på timeplanen.

– Mange av elevane på naturbruk har jo allereie ein god del praksisopplæring med både våronn og innhausting på skulane dei går på – ofte i tett samarbeid med gardbrukarar i regionen der skulestadene ligg, seier Bjørnstad.

Han trur skuleelevar kan vere ein viktig ressurs for bønder, skogeigarar og gartnarar som under koronakrisa treng ekstrahjelp.

Det meiner også seniorrådgivar Rita Backer Natvig ved Mære landbruksskole i Sparbu i Trøndelag

– Interessa for naturbruk er i kraftig vekst blant ungdom. Auka søkjelys på både miljø, klima og berekraft har skapt ei «grøn bølgje» hos nye generasjonar. Interessa for å lære meir om kortreist matproduksjon og bruk av naturressursane er derfor sterkt veksande blant skuleelevar i heile Noreg, seier Backer Natvig som også er sekretær i Naturbruksskolenes Forening.

(©NPK)