Moskusen i Noreg har kanskje draget på folk utover landegrensene og langt inn i framtida. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Ekspertar trur viltsafari kan bli ny turisttrend i Noreg

Norske reiselivsekspertar held ein knapp på at å sjå ville dyr ute i norsk natur har stort potensial som trend blant turistar som kjem til Noreg.





Reiselivsekspertar har ifølgje Dagsavisen rangert eit tjuetal naturbaserte reiselivstrendar ut frå kva som vil slå an dei næraste ti åra som store, nye trendar. På førsteplass hamnar viltsafari og det å sjå på ville dyr. På plassane bak følgjer sykling, naturfotografering, fotturar og kategorien ski touring/alpine touring/randonee.





Professor Peter Fredman ved fakultet for miljøvitskap og naturforvalting ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er prosjektleiar for BIOTOUR. Det er eit fireårig, tverrfagleg forskingsprosjekt som utforskar moglegheitene for vidareutvikling av naturbasert reiseliv i Noreg.





Han sluttar seg til WWF Verdsnaturfondet og SV, som tidlegare har uttalt at det bør satsast meir på rovdyrturisme i Noreg. 19. februar blir det arrangert eit seminar om dette på Stortinget.





– Det trengst veldig god planlegging i samarbeid med dei som forvaltar ville dyr i Noreg, og turistane må òg informerast godt, slik at dei veit korleis dei skal opptre i møte med til dømes moskus, seier Fredman, men understrekar at det må skje på ein berekraftig måte utan at ein forstyrrar dei ville dyra. (©NPK)