Heim   >   Nyhende   >   Ekspertar etterlyser fleire snøskredtiltak

Rasstaden på Blåbærtinden i Tamokdalen der fire utanlandske skikøyrarar blei tatt av snøskred 2. januar. Foto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB scanpix/NPK.

Ekspertar etterlyser fleire snøskredtiltak

Ulykka i Tamokdalen i Troms er ei trist påminning om at ein må gjere meir for å førebyggje skredulykker, meiner snøskredekspertane Rune Engeset og Audun Hetland ved Universitetet i Tromsø (UiT).

Lettare og betre utstyr gjer at det er mogleg å gå og køyre i brattare og vanskelegare terreng enn før – og mange gjer akkurat det, skriv skredforskarane i eit innlegg i Utemagasinet. Dei er begge tilknytte Center for Avalanche Research and Education (CARE) ved UiT.

Av dei til saman 70 skredoffera sidan vinteren 2009, var 36 i Nord-Noreg, 30 i Sør-Noreg og fire på Svalbard. Fleire var utanlandske skituristar – nokre med guide, andre på eiga hand. Fire skikøyrarar døydde i skredulykka ved Blåbærfjellet i Tamokdalen i byrjinga av januar.

– Vi treng eit reiseliv som tar ansvar og held tryggleiken høgt – både kulturelt, fagleg og haldningsmessig, meiner Engeset og Hetland.

Skredekspertane understrekar at det er gjort mykje bra førebyggjande arbeid dei siste ti åra, og at dødstala er små. Likevel foreslår dei at reiselivsnæringa gjer meir for å varsle om og bidra til betre kunnskap om snøskredfare.

Nokre av forslaga er at alle overnattingsstader i fjellet bør promotere skredvarselet til Varsom.no, skianlegga bør gjere snø- og skredobservasjonar dagleg og dele desse på Varsom sin regObs-app og informasjon, skredvarsel og kart over skredterreng bør henge på DNT-hytter i fjellet. (©NPK)