– Eit veldig spennande oppdrag





Ein av mange ting som skal på plass i ein ny kommune, er ordførarkjede. Anne Lise Øvrebø på Ålhus skal vere med på å designe denne kjeda til Sunnfjord kommune.





I organisasjonen som førebur den nye kommunen, finn vi ei nemnd som skal ta seg av noko av det som skal på plass. Nemnda er samansett av ni politikarar og blir leia av Anita Eide Kvamme (Ap) frå Gaular. Frå Jølster finn vi Jakob André Sandal (SV), Judith Kapstad (V) og Svein Årdalsbakke (KrF). Kommunevåpenet er som kjent i boks, no er det ordførarkjeda som står for tur.





Stort prosjekt





På Ålhus i Jølster finn vi Øvrebø Smykkeverkstad og gullsmed
Anne Lise Øvrebø. Anne Lise er kjend for sine eigendesigna smykkekolleksjonar,
og var såleis eit naturleg val når nemnda skulle finne ekspertise til å vere
med på designbiten kring nytt ordførarkjede.





  – Før jul fekk eg signal
om at dei var ute etter nokon som kunne vere med å designe kjeda, og i januar
vart det skrive kontrakt. Det er ikkje så veldig mange smykkedesignarar her i
området, for å seie det slik, men det er absolutt eit spennande prosjekt, og
det er eit stort prosjekt, fortel Anne Lise som skal samarbeide med det
nystarta Vy Designlab AS i Førde når det gjeld dette designoppdraget.





Ingen føringar





– Har de fått føringar frå prosjektgruppa for symbol og
identitet for korleis kjeda skal sjå ut?





– Nei, slik sett står vi ganske fritt. Det einaste som er heilt sikkert, er at kommunevåpenet sjølvsagt skal vere med. Men der er kome inn mykje gjennom konkurransen i fjor om kommunevåpen og identitet i det heile. Der er det ganske mykje å ta av. Utfordringa blir å avgrense seg, seier Inger Lise som saman med samarbeidspartnarane har frist til påske med å vere ferdig med utforminga av ordførarkjeda.





  – Det var kort frist?





  – Ja den er veldig
kort, men samstundes er det bra at den er kort. Det legg press på oss og
tvingar oss til å vere effektive. Eg for min del er veldig glad for at eg blir
ferdig til påske, for etter den tid får eg nok å gjere med alle
konfirmasjonsgåvene.





Ærefullt oppdrag





– Dette er noko av det største ein kan vere med på når det
gjeld design. Det er noko heilt anna enn det eg driv med til vanleg. Det blir
stilt store forventingar frå oppdragsgjevarane, og vi har store forventingar sjølve.
Eg føler både ærefrykt og respekt ved å få vere med på dette. Oppdraget veks
heile tida i tankane, og eg må av og til «ta det ned», fortel gullsmeden som
har tre veker på seg til det første utkast skal presenterast.





– Vi har sett på over 200 ordførarkjede frå heile landet og ingen er like. Korleis dette blir sjåande ut, er så langt litt i det blå, men vi tek utgangspunkt i designmalen til den nye kommunen og arbeider oss utover, fortel ho.





Ikkje åleine





– Eit  såpass stort
oppdrag kunne eg ikkje ha teke på meg åleine, eg har eigentleg nok med det eg
har, seier gullsmeden som ikkje har tenkt på om ho skal levere pris på arbeidet
med å lage kjeda, når den tid kjem.





– Det er eit veldig vanskeleg arbeid å kalkulere pris på, så det har eg ikkje tenkt så mykje på. No er det designen det handlar om.





– Har du vurdert å designe eit eige smykke til den nye kommunen, eit identitetssymbol?





– Nei eg har vel eigentleg ikkje det, men eg har laga mange smykke med lokal identitet, avsluttar Anne Lise Øvrebø som har laga både «Jølstring» og smykket som alle nyfødde jølstringar har fått siste åra, berre for å nemne noko med lokalt preg.





No er ho i gang med ein ny kolleksjon med namnet «Stein på stein».