– Eg vil vere tilgjengeleg for næringslivet i kommunen nær sagt heile tida – sjølv om dette er ei 20 prosent stilling, seier dagleg leiar Roger Aa Djupvik. Her i lag med nestleiar i GN, Beate Dybendal Nordvik.

– Eit talerøyr for næringslivet

– Denne tilsettinga er eit stort løft for Gloppen Næringsorganisasjon, seier nestleiar i GN, Beate Dybendal Nordvik.


Roger Aa Djupvik er tilsett i 20 prosent stilling i Gloppen Næringsorganisasjon (GN).

– Eg skal vere eit talerøyr for næringslivet i kommunen, og bidra til vekst og verdiskaping, og eg ønskjer å ha ein god dialog med næringslivet seier han.

Aa Djupvik er å finne i lokala til Melin Medical på Sandane, der han er tilsett i 80 prosent stilling. Eg vil vere tilgjengeleg på telefon og e-post, og håpar også folk vil huke tak i meg når dei ser meg, seier Roger Aa Djupvik.

– Glad det vart Roger
Gloppen Næringsorganisasjon har i fleire år hatt ønske om å tilsetje dagleg leiar i ei delstilling. Nestleiar Beate Dybendal Nordvik er svært glad for at det nettopp vart Aa Djupvik som fekk jobben.

– Vi ønskjer ikkje at ein slik organisasjon skal vere basert på dugnad. Vi trur Roger Aa Djupvik er ein person som kan tilføre GN mykje, både i høve til den utdanninga og arbeidserfaringa han har. Det er eit stort løft for GN å få ein dagleg leiar som kan ta seg av dei daglege oppgåvene, seier Beate Dybendal Nordvik.


«
Eg får ein spennande og utfordrande jobb.
Roger Aa Djupvik
»


Styret ønskjer framleis å bidra.

– Vi kjem ikkje til å lene oss tilbake og overlate alt til han, men dette er med på å styrke GN ved at kapasiteten blir betydeleg større. Eg trur dette vil føre til at vi kan jobbe på ein betre måte for næringslivet i heile kommunen, seier ho.

Spelar på lag med styret
I styret har Beate D. Nordvik med seg leiar Ingvill Hestenes, Synne Marie Oppheim, Ola Sundt Ravnestad, Hallgeir Hansen, Unni Verlo og Øystein Skinlo. Det er desse den nye daglege leiaren skal samarbeide med.

– Dei har gjort ein solid jobb. At styret skal vere aktivt med vidare, set eg pris på. Det er heilt nødvendig for å få ting til å fungere så godt som vi håpar på, seier Aa Djupvik.

– Kva oppgåver skal dagleg leiar ha?

– For nokre år sidan vart det laga ei strategidokument på bakgrunn av ei spørjeundersøking som vart sendt ut til næringslivet i kommunen. Dette dokumentet ligg der som ein basis. I tillegg ønskjer vi å vere tilgjengelege framover. Ein del av oppgåvene til Roger vil vere å ha kontakt med næringslivet, besøkje bedrifter og delta på ulike arenaer der han møter næringslivet. Er det noko medlemmene våre ønskjer at GN skal gripe tak i, håpar vi at dei tek kontakt med Roger, seier Dybendal Nordvik, og legg til at GN vil halde fram med å arrangere frukostmøte.

Starta 1. september
Sidan han starta i stillinga 1. september, har Roger Aa Djupvik jobba mykje med Matamål.

– Eg har også delteke på møte i butikkgruppa. I kveld skal eg delta på årsmøtet til Hyen utviklingslag. Eg er opptatt av å sjå heile kommunen, seier han, og gler seg til å halde fram arbeidet.

– Her er mange flotte bedrifter i kommunen. Eg får ein spennande og utfordrande jobb, og håpar vi i fellesskap kan dra i same retning. På nokre område vil det også vere naturleg å samarbeide med kommunen, seier han.

I Melin Medical skal Aa Djupvik jobbe med Credicare, som held til i Førde.

– Melin har kjøpt Credicare. Dei jobbar opp mot treningssenterbransjen, og skipar årleg til ein større konferanse som eg skal ha ansvaret for. Å kombinere denne jobben med å arbeide for næringslivet i kommunen trur eg er ein kombinasjon som høver meg godt. Eg kjem ikkje til å ha faste dagar der eg jobbar for Melin og éin dag i veka der eg jobbar for GN. Eg kjem til å vere fleksibel, seier Roger Aa Djupvik.

– Eg vil vere tilgjengeleg for næringslivet i kommunen nær sagt heile tida – sjølv om dette er ei 20 prosent stilling, seier dagleg leiar Roger Aa Djupvik. Her i lag med nestleiar i GN, Beate Dybendal Nordvik.