Heilt til venstre i bildet står kunnskapsminister Guri Melby (V). Ho fortalde på pressekonferansen tysdag at det overordna målet er at alle barn skal tilbake på skulen før sommaren. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix.

- Eit overordna mål at alle barn skal tilbake på skulen før sommaren

Kunnskapsminister Guri Melby (V) fortalde på pressekonferansen tysdag at det overordna målet er at alle barn skal tilbake på skulen før sommaren.


– Det er ikkje sikkert det blir som før 12. mars, for mange blir det kanskje i mindre grupper. Og det er ikkje sikkert at alle får fulle dagar eller fulle veker. Men det å kome tilbake til ein meir normal kvardag og vante miljø, er viktig for alle barn og unge, ikkje berre for dei minste, heldt Melby fram på pressekonferansen tysdag.


For 1. til 4. klasse opnar skulane igjen 27. april. Vidaregåande i 2. og 3. klasse på yrkesfag opnar òg den same dagen.


– Foreldre, barn og tilsette skal vere trygge når barnehagane og skulane gradvis opnar igjen. Eg har tett dialog med dei ulike aktørane i sektoren, og det faglege råda vi fekk var veldig klart: skulane og barnehagane må få tid til å førebu seg på ei opning, sa Melby.


– Omsynet til helse går føre alle andre omsyn, sa Melby på pressekonferansen, før ho la til at det kan hende at dei må stramme inn igjen dersom ikkje desse omsyna blir tekne.