Ein person vart frakta med ambulanse til sjukehus etter ulukka.

Ein til sjukehus etter kollisjon på E39

Ein person vart frakta med ambulanse til sentralsjukehuset i Førde og to personar vart sende til legekontoret på Sandane for ein legesjekk etter ein frontkollisjon på E39 ved Kleivedammen i 15.00-tida i dag.

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Sandane.



Store materielle skadar

– Den eine bilen kom køyrande på E39 frå vest. Den andre kom køyrande frå Breim i aust og skulle svinge av til Sandane. Desse bilane har store materielle skadar. Ein tredje bil fekk ei frontlykt knust i samband med samanstøyten, fortel skadestadsleiar i Gloppen brann og redning, Kjell Aske.

– Kor mange personar var involverte i ulukka?

– Det sat ein person i bilen som kom frå aust, medan det sat to personar i bilen som kom frå vest, seier han.

E39 vart ikkje stengd i samband med ulukka.

– Vi har hatt manuell dirigering på staden. No ventar vi på at politiet skal kome, fortel Aske.

Mannskap frå Gloppen brann og redning brukte vinsj på brannbilen til å trekke bilane ut av vegbana. Dei spylte også vegen i etterkant av ulukka fordi han var blitt glatt av oljesøl.