Statens vegvesen har hatt kontroll. Illustrasjon.

– Ein svært positiv kontroll

Alle bilane fekk køyre vidare då Statens Vegvesen tysdag føremiddag hadde tungtransportkontroll ved Nordfjordeid trafikkstasjon.

21 køyretøy var innom kontrollplassen til vektkontroll, og alle var innanfor grensene, heiter det i ein rapport frå kontrollen.

Eit køyretøy fekk bruksforbod på grunn av uriktig underkøyringshinder. Då dette vart retta på staden fekk føraren køyre vidare.

– Dette var ein svært positiv kontroll og viser at vi har mange flinke førarar ute på vegen, melder Staten Vegvesen.