Éin person i Gloppen er smitta

Éin ung person i Gloppen er påvist smitta av koronaviruset. Dette er det første tilfellet av Covid-19 i kommunen.

– Vi har fått tilbake sju prøvesvar i dag, der seks prøver var negative og éi var positiv. Den positive prøva er frå ein ung person som har kome tilbake til Gloppen frå ein annan kant av landet der det er påvist smitte. I løpet av helga fekk vedkomande symptom og vart deretter testa, fortel leiar i kommunen sin krisestab, Leidulf Gloppestad.

Har sete i karantene

Personen har vore i karantene sidan han kom heim, og ordføraren meiner at karantenereglane som Gloppen har vore med på å innføre i tidlegare Sogn og Fjordane har vore til stor nytte i dette tilfellet.

– Etter at symptoma gjorde seg gjeldande, har vedkomande nærast vore i isolasjon i eigen heim. Personen har opphalde seg i eige rom, hatt tilgang til eige bad og har fått maten levert. Han har i stor grad vore avskoren frå resten av familien. Her har familien gjort ein god jobb, seier ordføraren.

– Har god kontroll


Etter at kommunen fekk prøvesvara, vart alle som har vore i kontakt med vedkomande varsla med ein gong.


– Dei er no isolerte. Sidan denne personen har vore i heimekarantene, gjeld det ikkje så mange. Totalt sett har vi god kontroll på situasjonen. Den smitta og familien blir følgt opp og ivaretekne av helsepersonell, opplyser Gloppestad.


– Kan du seie noko om kva symptom vedkomande har?


– Eg veit ikkje anna enn at personen har symptom på øvre luftvegsinfeksjon.


– Kva tenkjer leiaren i krisestaben om at det første smittetilfellet er påvist her?


– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt – sjølv om planlegginga vår har teke høgde for at dette kunne skje, seier ordføraren.


Trass i at karantenereglane som vart innført sist helg har vore til stor nytte, er kommunen i kontinuerleg dialog med Fylkesmannen og styremaktene om nettopp desse.


– Vi vurderer fortløpande om dei skal oppretthaldast, peikar han på.