Bilete frå kampanjevideoen.

– Ein myte at det er farleg å snakke om sjølvmord

Tre av ti trur at å snakke om sjølvmord med nokon som har depresjonar eller psykiske lidingar, vil trigge ein reaksjon. Kan vi endre den oppfatninga, kan vi kanskje redde liv.

Derfor starta føretaka i Helse Vest ein folkeopplysningskampanje denne veka: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

– Dersom ein går med tankar som ein ikkje klarer å ta opp med andre, så hjelper det at andre formidlar at eg ser at ikkje alt er som det skal vere. Og at vi ønskjer at du skal leve, seier avdelingssjef ved psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde, Toril Taklo.

Sjå filmenfrå kampjen «Velg å leve»:


Folkehelseproblem
Bakgrunnen for kampanjen er at sjølvmord er eit stort folkehelseproblem, og at det i Noreg døyr 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Ein studie viste at 62 prosent av dei som tok livet sitt ikkje hadde vore i kontakt med psykisk helsevern siste året før dei tok sjølvmord. I same studien kom det fram at 70 prosent av dei som tok sitt eige liv hadde vore i kontakt med fastlegen i vekene og siste månadene før, men utan å nemne at dei gjekk med sjølvmordstankar.

Ei undersøking frå 2017, gjennomført på vegner av Stavanger universitetssjukehus, viser at berre 21 prosent ville spurt nokon som var i ein vanskeleg situasjon eller sleit med ei psykisk liding, om dei hadde tankar om sjølvmord.

– Det er ein myte at det er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Å snakke om sjølvmord med nokon som slit kan faktisk redde liv og det kan ha beskyttande effekt, seier Jan Olav Johannessen, forskingssjef ved klinikk for psykisk helsevern ved Stavanger universitetssjukehus.

Viktig at vi snakkar om det
Sjølvmord er eit vanskelig tema, men det er viktig å drive med førebyggjande arbeid. På spørsmål om ein kjenner nokon som har tatt sitt eige liv, svarar seks av ti ja. Fem av ti kjenner nokon som har prøvd.

– Mange kjenner nokon som har prøvd eller tatt sjølvmord, og då er det ikkje merkeleg at ein er redd for å snakke om det, i frykt for å gjere situasjonen verre for dei som slit. Derfor er det viktig for oss å få fram at det som kan hjelpe, faktisk er å snakke om det. Å vere eit menneskje som bryr seg er den viktigaste eigenskapen du treng. Det er litt sånn at å snakke om sjølvmordstankar kan vere som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det som har skjult seg der i mørkret, blir ofte ufarleg eller borte, fortel Johannessen.

Nok å spørje
Undersøkinga viser også at 72 prosent trur dei kanskje kunne ha vore til hjelp for ein ven eller kjend som verkar deprimert. Dessverre er det heile 38 prosent som ikkje veit kor personar som har depresjonar, kan få hjelp.

Ofte er det nok å berre spørje, og vere der for dei som slit. I tillegg finst det krisetelefonar, fastlege, og andre profesjonelle som kan hjelpe.
Helse Vest har i samband med kampanjen oppretta ei eiga nettside, der ein kan få råd og hjelp, www.helse-vest.no/selvmord.