Vandrevarden, Fosseteateret og Trivselsskogen vert opna i dag.

– Ein magisk dag for Gloppen

Heile tre opningar finn stad på Sandane i dag, og opninga av Vandrevarden i sentrum hadde stort oppmøte. – Dette er ein magisk dag, seier næringssjef Knut Roger Nesdal.

Ordførar Leidulf Gloppestad avduka turkartet over området, og markerte med dette at Vandrevarden var offisielt opna.

– Vi gjer kommunen god

– Vi som bur her gjer kommunen god, det viser mellom anna Trivselsskogen, sa ordføraren under opninga.

Eit stort publikum var samla i sentrum, og alle applauderte då varden vart opna. Der ifrå leia Odd-Bjørn Hjelmeset turen mot Fosseteateret. Det skal han opne kl. 15.00 i dag, då ein òg får høyre «Fossefanfaren» til Otto Ose.

På TIN-camp vert det ei rekkje aktivitetar, og pizza i omnane, før Trivselsskogen og Tin-camp blir offisielt opna kl. 18.00 av statsminister Erna Solberg.