Ein hundreåring mimrar

Av Ragnar Sande



Det var far min og eg på veg ut til den ytste holmen. Der hadde vi eit trollgarn ståande. Det var alltid fisk i garnet – av og til «trollfisk» som marulk og skate, av og til aure eller steinbit.

På turen ut til fiskeplassen rodde vi forbi Utstillingsplassen. Nedanfor «Stallane» der var det ein ideell badeplass for småborna på Øyrane. Det var langgrunt med fin leirebotn.

Dette var også området der Ole Skrivervik lystra etter flyndre. Mørke haustkveldar kunne ein sjå at han sat i båten sin og lyste ned i sjøen, med lystergaffelen i handa.





 

Kattahamrane var badeplassen for meg og kameratane mine, Sverre og Erling Skrivervik. Det var brådjupt i området lengst ute mot Skulejovika, så vi kunne stupe eller hoppe frå ulike høgder. Området er no industrialisert.

Øyrane i mellomkrigstida

Eg voks opp på Øyrane mellom 1918 og 1938. Det var ei forunderleg fredeleg tid. Sjølvsagt var det også i denne perioden utvikling, men vi merka ikkje mykje til det. Freia produserte min favorittsjokolade, «Mascot». Den same i alle desse åra, same storleik, same pris, 25 øre. Ein liter bensin kosta 20 øre heile denne tida.



På Øyrane var det eit yrande liv. Der voks det opp nesten 30 born i denne perioden: Solheim 4, Sande 2, Myklebust 9, Skrivervik 9, Skarstein 3. Jamaldringar samla seg i området rundt butikken til Skrivervik, både innahyses og utahyses. Eili Skrivervik må ha vore eit uvanleg tolsamt menneske når ho kunne halde ut at det aula med born i gangen utanfor kjøkenet, og av og til inne.

Men vår, sommar og haust var vi ute. Alltid opptekne. Det var så visst ikkje vanskeleg å finne på noko å gjere. Vi var midt i den herlege naturen. Badeliv i Øyrabukta eller på Kattahamrane, allslags idrett i området nedanfor Skrivervikbutikken eller på Utstillingsplassen, hyttebygging i eit digert, gammalt epletre nær elva, sanking av tilfang til jonsokbål. Vintrane var snørike, med alt det førde med seg av idrett og leik.



 

Utstillingsplassen

Det heitte han, og det heiter han no òg, men det er lenge sidan det var utstilling der. Men det var det ofte då eg var liten. Det var utstilling av småfe. Dei fekk husrom i ei lang rad med stallar på sjøsida og mot aust.

Men det var også bygda sin idrettsplass då eg var liten. Eg hugsar ein turntropp med blåkledde jenter som hadde oppvising der.

Øyravika

Alv Einar Henden bur i det eldste noverande huset på Øyrane. Plassen heitte Krekjen, som vart bygsla frå Skulejo i 1859 av Bertel Hyenes, oldefar til Alv Einar. Nedanfor huset hadde dei naust, og der stod bestefar til Alv Einar og bygde båtar saman med dottera,  Johane (mor til Klara Vattøy). Ved sida av dette naustet stod det eit stort naust, der bøndene på Austrheim hadde notbruk. Der står no det gule «Hermansenhuset». Deretter kjem ei rad med gamle naust, pluss eit nybygg som står der sjøbua til Hermansen stod.

To naust stod eit stykke unna, på kvar si side av Øyraelva, Knutenaustet og Bjørnarheimsnaustet. Knutenaustet står der enno. I området mellom nausta stod ein av tynnefabrikkane til Jørgen Ryssdal. Denne brann ned i tjueåra. Men før brannen var den tomme bygningen leikeplass for borna på Øyrane.

Eg hugsar det var eit snikkarkurs i tynnefabrikken, og at eg gjekk omkring der som liten gut. Snikkarane heldt leven med meg og sa at far min hadde gøymt ei masse pengar på loftet.



 

Nye tider
Så kom krigen, og så kom etterkrigstida med oppattbygging.

Det var vel i 60-åra det vart på tale med plattformbygging i Bukta. Eg mælte imot og peika m.a. på at distriktet ville bli reinska for sand. Eg fekk nedmed kragen av tilhengarane. Ein av dei, Edvard Engeset, kom til meg seinare og sa: «Du hadde rett. Det var ei lukke at det ikkje vart plattformbygging i Bukta.» Ein av mine gode vener i Hyen, Mons Aa, var aktuell som leverandør av sand. Men sanden var visst ikkje god nok. Korsom er, det vart inga plattform i Gloppen.

Men glopparane har sanneleg synt at dei kan greie seg utan plattform. Kommunen driv ustanseleg og gjer det triveleg for oss som bur her, og i næringslivet spirer og gror det, så det er ei lyst å sjå.

På Breim budde det ein glasmeister som heitte Sørensen. Han var ein kunstnar. Eg har eit par glas som han dekorerte med sandblåsing. Men han var truleg ikkje økonom i same grad. Det var derimot ein av læresveinane hans. Han heitte Magnus Bolseth, og gjorde det stort i glas. Iallfall i min målestokk.

Eg fiska i Hyen i 30 år, i elv og vatn, mykje med makk. Det var eit par smågutar der, som tente litt pengar på å forsyne meg med makk. Far til ein av dei, Olav Aa, bygde saman med broren ein liten robåt i glasfiber.

Den vesle robåten har vokse til havgåande luksusskip, og ein av dei som selde makk til meg, Tor Øyvin Aa, er no skipsreiar i verdsformat.

Så det spirer og gror i Gloppen utan plattform. Og den vakre naturen vår er ikkje øydelagd, men tvert imot, med god hjelp frå kommunen, blir han meir attraktiv for kvart år.

 



Ein hundreåring på tur i minneland
Turen startar på Øyrane. Fyrste stopp er ved sagbruket til brørne Solheim, Anders og Karl. Då eg var liten gut i 1920-åra, høyrdest i sommarhalvåret over heile Øyrane songen frå dei to sirkelsagene. Det var spennande for ein liten gut å sjå Solheimskarane i arbeid.

Anders stod ved storesaga og skrella av hunane. Karl stod ved ei mindre sag og delte timberstokkane opp i bord og boks.

Sagbruket stod på ei landtunge mellom Øvrevegen og Nedrevegen. På begge sidene av denne tangen var det sjø. På vestsida var det fullt av stokkar som var flota inn frå sjøen. Mellom saga og hovudvegen låg det timber som var køyrd dit landevegen.

 



Det var to sagbenker. Stokkane vart fyrst tekne hand om av Anders ved storesaga. Han skar av hunane og sende stokkane over til Karl, som skar dei opp til bord og boks.

I andre høgda på sagbruket var det snikkarverkstad. Der arbeidde Anders og Karl i vinterhalvåret. Dei laga dører, glas, møblar –  alt som kunne tilverkast i tre. På sine gamle dagar stod Anders ved høvlebenken og laga eplekasser.

Omkring 1930 kom det eit tilbygg mot nord. I andre høgda vart det plass til finérpresse, pussemaskin og høvlebenker.

Der fekk eg stå våren 1944 og lage møblar til meg sjølv då eg måtte reise heim frå Oslo fordi Die Wehrmacht stengde universitetet. Då var det ei tid berre Kristen som arbeidde på snikkarverkstaden saman med dei to gamle.

Så måtte eg forlate Øyrane for ei tid. Då eg kom tilbake, hadde mykje endra seg på «Saga». No var det Kristen og Kåre som rådde grunnen, og etter deira tid sønene, Vidar og Arild. Heile området mellom vegane har no i lang tid vore landfast.

Det har stendig kome nye bygningar, og sagbruket er blitt handelshus for bygningsvarer. For nokre år sidan vart «Brødrene Solheim» til «Bygger'n». Men går du inn, møter du Vidar og Arild. Så dei har nok ein finger med enno.

Så går hundreåringen vidare innover mot Sandane. Før eg kjem inn til «Hennebakken», har lite endra seg. Men deretter er det mykje nytt. Butikken til Abraham Henden er vekk til fordel for eit bygg som Idar Sagen har sett opp.





 

Tynnefabrikken til Jørgen Ryssdal er vekk. Dampskipsekspedisjonen og sjøbua til Gunnar Skarstein er kamuflerte.

Innanfor har det kome ein ny sideveg ned til Kråna. Vidare innover langs sjøsida er alt nytt, vi må heilt inn til gullsmedbutikken før vi finn noko som var der før krigen. Men det huset står der enno i fordums glans. Det var Abigael Iversen som dreiv butikken. Så kjøpte Joakim Sivertsen huset til dottera, Margit. No er det ein av sønene hennar, Arne Øygard, som held til der.



 

Det var i gullsmedhuset Gloppen Handelslag starta verksemda si. Deretter var Kincks Drogeri der på venstre sida, og gullsmeden til høgre. I butikkvindauget hadde Kinck ein plakat med denne teksten: ENGLISH SPOKEN HERE. DEUTSCH WIRD VERSTANDEN.

Kinck hadde nok laga plakaten med tanke på lakseturistane som budde i det ærverdige Hotel Gloppen. Det stod rett ved sida av butikken. Hotellet gjekk opp i flammar snøvinteren 1970.



Eg går vidare innover mot det gamle Skarsteinhuset, der Firda Tidend no held til. Den gamle praktvillaen vart bygd av bestefaren til Anton G. Skarstein. Anton var min jamaldring, og gjekk bort for eit par år sidan. Hadde han vore med meg no, ville han ha sagt: «Hva skuer mine øyne?» For den gamle praktvillaen er no nyoppussa og står fram vakrare enn nokon gong. Hurra for staben i FT! Og når «fedrane sjå att på jordi» om eit par hundre år, då står kanskje huset der framleis?



Då er turen min langs sjøsida frå Øyrane slutt for denne gongen. Eg snur meg og ser attende og tenkjer på alt som var og ikkje er lenger. Takk for følgjet!

(Og takk til Helge Lyslo, Ola Nyhagen, Berit og Idar Sagen, Sol Ulvestad, Svein Magne Rygg og Vidar Solheim for bileta dei har stilt til rådvelde.)

 

ETTERSKRIFT:
«Nostalgia», tileigna Austrheim mannskor
Ragnar Sande (2014)

Melodi: «Greenfields»

Ein gong i tida, då vi var små
Var somrane varme og himmelen var blå
Livet var enkelt og sorgene var få
Livet var det som vi levde der og då
Ein gong i tida, den gong då vi var små

Livet var sjøen og alt det han ga
Vi stupte og dukka og hadde det så bra
Livet var båten, - vår heim nummer to
Vi rodde og fiska, vi aldri var i ro
Livet var godt, i dei minna vi har no

Livet det var vinter og mengdevis med snø
Livet det var kappleik i bakkar og på bø
Snøen låg - og vinteren var lang
Livet det var fridom frå plikter og frå tvang

Oppe på fjellet var yrande liv
Krøter på beite i fredelege driv
Orre og tiur, -  og ryper i flokk
Støylane levde, i sela var det ljos
Jenter i arbeid og kveldane med kos

Eingong i tida, den gong då vi var små...

Øyravika i 1905. Kattahamrane til venstre, stallane og jektenaustet i midten, og naustrekka til høgre. I framgrunnen Lars Henden sin fyrste butikk. Nedrevegen var enno ikkje bygd.
Utstillingsplassen før krigen. Vi kan skimte at det pågår fotballkamp.
Naustrada og Alv Einar sitt hus, det kvite til høgre, er dei eldste bygningane som står att på Øyrane. Huset vart bygd før 1900, og nausta har stått der dei står «sidan Arilds tid».
Området rundt Solheimssaga slik det såg ut på 1930-talet.
T.v. Anders filar sagblad. T.h. Abraham Henden sin far, Lars Henden, framfor butikken.
Tynnefabrikken. Lastebåten «MS Skavl» frå Batalden ligg ved kaia.
På dampskipskaia var det samlingsstad framfor butikken på hjørnet av tynnefabrikken.
På dette 17-maibiletet frå 1959 står husa framleis som dei gjorde i mellomkrigstida. Bak gullsmedhuset ser vi Bondeheimen. Foto: Helge Lyslo.
Hotellet brenn. Foto: Helge Lyslo.
Anton G. Skarstein og Ragnar Sande om lag 1937.
Kattahamrane før og no. Det første biletet viser vestdelen av Kattahamrane og Skulejovika før krigen. Ytste holmen låg ved neset. I dag er det meste av det vi ser på det første biletet sprengt bort.