Ein fjordlandsby treng ikkje parkeringsgaranti!

Lesarinnlegg av Odd Eikenes, Sandane sentrum:

Ein fjordlandsby treng ikkje parkeringsgaranti!

Dette hevdar Liv Jorun Andenes i eit innlegg i FT nyleg. Det trur eg nok dei fleste er einige i, men det er det heller ingen som ber om. Ho teiknar eit rosenraudt bilete over  korleis Sandane sentrum bør vere. Ho skal sjølvsagt få ha sine meiningar om det, men eg tykkjer ho er litt bastant på andre sine vegner i enkelte påstandar.

”Ei utbreidd feilslutning er at kundar i stor grad vel handlestad basert på parkeringsmogelegheiter” hevdar du. Ser vi på våre konkurrentar, Førde og Eid, er dette ikkje relevant samanlikning, for der er ikkje parkering eit problem! Eg har aldri opplevd å ikkje finne parkering på desse handlesentera.

”Parkeringsmogelegheitene blir vurderte som mindre viktig. Småbyar som Kragerø og Drøbak er gode døme på det. Her yrer det av folkeliv, tross få og avgiftsbelagde parkeringsplassar” , hevdar du. Dette er inga god samanlikning. Desse to byane ligg midt i lystbåtleia, der folketalet vert fleirdobla i sommarsesongen, og dei fleste ligg ved kai utan trong for parkering!

Godversfundamentalismen rår. Alle dei ”politisk korrekte” og grøne ideane tykkjest ha vorte utprøvd, og eller framtenkte i GODT VER! Dette er, diverre, ikkje daglegdags vare her på Sandane. Om ein ikkje reknar med siste sommar, som kosta oss dyrt på straumrekninga. Realiteten er at når vi parkerer langt unna, må avstanden til målet dekkast til fots, i sørvest og regn på tvers i svært mange dagar av året. Ein kan vere so idealistisk og grøn ein vil, men å kome klissvåt inn på eit kontor eller butikk trur eg dei fleste vil sleppe.

Du meiner at argumentet for å behalde fleire parkeringsplassar enn tilrådinga, er ugyldig. Snakkar du då om dei 200 tilrådde av fagkonsulentane, eller dei 460 tilrådd av rådmannen? I første tilfelle snakkar du om ein reduksjon på over 60%, og i det andre tilfelle på over 30%. Korkje 30% eller 60 % i reduksjon er ”moderat” reduksjon slik du hevdar.

”Å fjerne meir parkering til fordel for fleire butikkar og trivelegare gater vil redusere handelslekkasjen, ikkje auke den” hevdar du. Dette må vere ein påstand tatt ut av lause lufta. Kven skal handle i desse nye butikkane? Er det vi som bur her i sentrum allereie, og som knapt nok klarer å halde liv i dei få butikkane som er att? For eg tvilar på at dei på Sør- og Nordstranda, i Bukta og på Kleivedammen vil hive seg på sykkelen og trampe til sentrum i all slags ver; for der er det so kjekt og fint!

So til siste paragrafen din. Du og sambuaren kan godt tenkje dykk å flytte heim til  idylliske Nordfjord og Sandane. Det ante meg då eg byrja lese innlegget ditt, at du ikkje var fastbuande.  Kjekt å kome heim på ferie, senke skuldrene og rusle på stillferdige og uberørte Sandane! I over 30 år var eg sjølv i den kategorien, heim til mor og nyte freden på Sandane i ferien. Kona og eg flytta heim for 18 år sidan. Vi er veldig glade  i Gloppen og Sandane, og har aldri angra ein dag på avgjerda vår. Men…eg ser at  sentrum vert tynnare og tynnare aktivitetsmessig. Butikkar forsvinn og dei som held ut, slit. Etter kl. 1600 skulle ein tru at nokon hadde stengt porten, alt er dødt.

Slik har det vore sidan vi flytta heim. Eg påstår at det var meir liv på Sandane i 60-åra enn det er no. Eg skjønar at du gjerne vil behalde det slik;  ferieparadis med godt ver og gode vener som og er heime på ferie. Men kvardagen for oss er litt annleis, og det må takast høgde for. Vi treng liv og røre i sentrum, men kan ikkje leve berre på luft og kjærleik. Sandane er kommunesenter for eit stort og vidt omland, og det må vi ta omsyn til. Klarer vi det, samstundes som vi skaper eit innbydande og vakkert administrasjons- og handlesenter, har vi skote gullfuglen. Men dessverre krev det at dei tilreisande, enten dei er arbeidande, handlande eller  turistar,  finn ein plass til bilen før dei startar sine gjeremål rundt omkring på vakre Sandane.

Heldigvis har vi folk som har vore villige til å investere store beløp på næringslivet på Sandane. At dei skal bli skulda for å male fanden på veggen av di dei er uroa for kundegrunnlaget i framtida, tykkjer eg blir feil. Her bør vi kanskje vere litt varsame å peike med heile handa, vi som mest sannsynleg ikkje har investert ei einaste krone her i sentrum.