– Det er viktig å ta ansvar og delta i samfunnet, meiner Hege Lothe. Sist helg vart ho valt til den første leiaren i Vestland SV.

Ein engasjert gloppar er første leiar for Vestland SV





– Det er viktig at vi tek ansvar for å påverke framtida i det nye Vestland fylke. Både SV og folk i Sogn og Fjordane var i mot samanslåing, men no er det viktig å få eit storfylke som gjev gode løysingar for både bygdene og byane, seier Hege Lothe.





Ho har lenge vore politisk aktiv, i kombinasjon med familieliv og jobb for Noregs Mållag. No er ho i tillegg blitt den første leiaren for Vestland SV.





Støttar raudgrøn politikk





– Eg representerer SV fordi partiet er så tydeleg på at dei
vil ha eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få. Dette inneber ei
omfordeling som gjer det mogeleg med gode liv anten du har høg eller låg
inntekt. SV er eit parti som kombinerer dette med ein framtidsretta
miljøpolitikk. Raud og grøn politikk kombinert, er ei god løysing, meiner Hege
Lothe.





– Kva saker vert dei viktigaste for Vestland?





– SV i både Sogn og Fjordane og Hordaland jobba og røysta mot samanslåing. Sjølv om dei seier at det ikkje vert ei sentraliseringsreform, er det dette vi fryktar. Det viktigaste å jobbe for blir difor eit samansveisa fylke, og eit fylke som tek omsyn både til Bergen og til distrikta. Ein må ha tenester og utvikling for innbyggjarane i heile fylket, og ein må ta omsyn til, og sjå ressursane i distrikta. I tillegg er det viktig å nytte høvet til ei grøn omstilling i samferdsel, til dømes elektrifisering av ferjer.





Demokrati-utfordring





– Den største utfordringa er at ei større eining fører til
at avstandane blir større mellom folk og folkevalde. Ei praktisk utfordring er
at det blir færre representantar i det nye fylkestinget. Kanskje må ein tenkje
på å gi meir pengar til dei politiske partia, så ein får råd til å møte
kvarandre, føreslår Lothe.





– Ein bør òg vurdere frikjøp av fleire folkevalde. Den fysiske avstanden blir stor. Det er mange lokalaviser, slik at det vert vanskeleg å få til éin felles debatt. Dette gjer det vanskeleg både for innbyggjarane og politikarane å forstå dei ulike utfordringane når avstandane blir større, hevdar ho.





– Kvifor vart akkurat du leiar?





– Sentrale tillitsvalde i Hordaland meinte det var viktig at nokon frå Sogn og Fjordane tok på seg vervet. Det er veldig kjekt at SV i Hordaland tenkjer slik. Det var meg det passa for no. Leiaren i valnemnda la vekt på erfaringa og kunnskapen min om organisasjonsbygging. Eg har eit jamt og godt humør og ein romsleg veremåte som gjer at eg får kontakt med folk.





Trekkjer seg frå kommunestyret





Lothe har sete i kommunestyret i Gloppen dei siste tolv åra,
men som leiar i Vestland SV vert tida knapp.





– Det har ikkje vore nominasjonsmøte i Gloppen SV enno, men planen er å trekkje meg som listetopp. Å vere leiar for Vestland SV er eit frivillig verv som det ikkje er knytt noka ordning til, så då må eg rydde i fritida. I kommunestyret blir det eit vaktskifte, men Vestland handlar òg om å utvikle bygda.





I tillegg til dei nemnde verva, er Lothe varamedlem til styret i Musea i Sogn og Fjordane, og styreleiar i Ålfotbreen landskapsvernområde. Ho er rådsmedlem i rådet for Nynorsk kultursenter for Sogn og Fjordane fylke, direktevald landsstyrerepresentant i SV, og ho held fram i landsstyret for Vestland SV.





– Eit ansvar eg må ta





– Kva motiverer deg til politisk engasjement?





– Det er viktig å vere med på å påverke samfunnet rundt meg. Somme tider meiner eg til og med det er naudsynt, og eit ansvar eg bør ta. Samanslåinga er ei brytningstid. Fylka har svært ulik størrelse, det vert spesielt ei utfordring å ta vare på det beste frå Sogn og Fjordane i møtet med Hordaland. Dei er mange fleire innbyggjarar, då vert det eit ekstra stort ansvar for oss.





Lothe har klare tankar om kva type samfunn ho ønskjer. 





– Eit perfekt samfunn er for meg eit samfunn der alle har
sjansen til å yte noko til fellesskapet, og til å få den hjelpa dei treng.
Fridom til å vere seg sjølv, det er viktig. Å ha sjansen til å lære, vere og
yte. I tillegg til å kunne bu over heile landet. Det må vere
utviklingsmogelegheiter i bygdene.





Hege Lothe er busett på Sandane, med mannen Sindre Humberset, og sønene Steinar (12) og Hjalmar (10).





– Korleis blir det å kombinere politikk, jobb, og familie?





– Vi får håpe det går bra. Vi har nokre gode venner i Bergen, det blir nok meir av at vi kombinerer møte med at heile familien reiser på tur. Eg vil tru det blir fleire telefonsamtalar og møteløysingar på nett. Det har det vore litt av allereie. Ein strekkjer seg nok langt for ikkje å reise, men det er òg viktig å møte og bli kjend med folk. Vi må berre prøve oss fram, seier ho.





Lesegledar





– Du er ein lesegledar. Kva går det ut på?





  – Jau, det er eit
artig prosjekt som Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nynorsksenteret i Volda
starta for nokre år sidan. Vi er eit knippe med folk som har lært om særleg
nynorsk litteraturformidling. Vi skal snakke gode, nynorske barnebøker ut av
bokhyllene. Lesegledarane kan bestillast av skular og barnehagar på ein enkel
måte, noko som fungerer godt. Etter god effekt her i fylket, skal òg Hordaland
starte med dette no, forklarer ho.





Hege Lothe smiler, og tek ein ny slurk av kaffien. På kontoret rundt henne er bokhyllene fulle av bøker på nynorsk.





– Eg er jo ei målkvinne. Jobben min som informasjons- og organisasjonskonsulent for Noregs Mållag er eit bevis på dette. I tillegg er eg styremedlem i Gloppen Mållag. Eg nyttar gjerne politiske høve til å fremje nynorsk.





Har alltid vore samfunnsaktiv





Hege Lothe lærte mykje om organisasjon i 4H og i Austrheim
ungdomslag, og då ho starta på Firda vidaregåande skule vart ho oppteken av Operasjon
Dagsverk. Etter andre året på Firda vart ho vald inn til sentralstyret i Norges
Gymnasiastsamband (NGS), den dåverande elevorganisasjonen for elevar på
studiespesialisering, og flytta til Oslo for å bidra der.





– I Oslo vinteren 1991 kom kanskje det som vart mitt «turning point». Eg kom med på stiftingsmøtet for Ungdom mot EU, kom i sentralstyret, og dette vart mi sak. Den kjempa eg vidare for som leiar i Ungdom mot EU då eg vart student ved Universitetet i Bergen. Frå 1998 til 2004 var eg styremedlem i Nei til EU, og var konstituert generalsekretær i 2005.





I Bergen studerte Lothe sosiologi, geografi og samanliknande politikk, og var samstundes engasjert i studentpolitikk. Ho vart då leiar for Norsk Studentunion i Bergen, før ho reiste heim. Ho arbeidde som journalist i Firda Tidend i eitt år, før stillinga hos Noregs Mållag vart lyst ut.





– Eg flytta tilbake til Oslo for jobben i 2000, men fekk etter kvart ta med både mann og arbeid heim att til Sandane, smiler Hege Lothe.





Kallar seg feminist





– Feminisme er viktig. Det legg eg vekt på i oppsedinga av
ungane mine òg. Det er éin ting å lære at alle skal delta i heimen, men det er
òg viktig å lære å respektere kvarandre, og at alle er like mykje verd.





8. mars er ho med på å markere kvinnedagen på Sandane. Tilstellinga vert arrangert av fleire lag i Gloppen, og samlar kvinner i alle aldrar og av ulike nasjonalitetar. Ho synest det er fint å ha ein møteplass der ein kan bli kjende.





– Det er viktig å snakke fram kvinner, det er også tanken bak adventskalenderen min på Facebook. Kvinner treng ofte å bli minte på kva dei er gode til. Ikkje berre i jobb, det er mykje ein kan vere gode til. Alle er vel sine verste kritikarar, og treng å høyre kva som er bra med det ein gjer. Menn kan sjølvsagt ha det same behovet, men eg trur det er enklare for ein mann å ta plass på eit høgare nivå.