Eid-ordførar Alfred Bjørlo. Arkivfoto.

- Ein distriktspolitisk skandale frå Statens vegvesen

- Statens vegvesen sitt framlegg til ny organisering er ein rein skandale frå ein distriktspolitisk ståstad. Etaten sine direktører vil legge ned tenestetilbod og kompetansemiljø i distrikts-Noreg for fote, og rømme inn til dei største byane. Dersom dette framlegget blir velsigna av regjeringa, så kan vi berre pakke saman og kaste i søpla alle fine formuleringar om ny giv i distriktspolitikken i den nye regjeringserklæringa. Vi kan også då slå fast at regionreformen er blitt ei sentraliseringsreform, i staden for det motsette. 

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding.

Eid er i dag vertskap for eit samla kompetansemiljø på 30 personar i Statens vegvesen - som etaten no sjølv foreslår å legge ned og flytte vekk.

- Nordfjord er eit døme på ein region som bit for bit er blitt tappa for statlege kompetansearbeidsplassar over mange år. No vil også Statens vegvesen rømme frå regionen - utan å bry seg om nye politiske signal i Granavolden-erklæringa om at ulike statlege etater må sjå sine omorganiseringar i samanheng, og at det skal vere ei samla god regional fordeling av statlege kompetansearbeidsplassar, seier Bjørlo.

- Desentralisering er i dag med ny teknologi lettare og meir rasjonelt enn nokon gong. Det er difor trist å sjå kor gammaldags Statens vegvesen tenkjer om organisering inn i framtida. Medan mange private bedrifter legg til rette med ny teknologi for å utnytte kompetanse over heile landet, vil Statens vegvesen klumpe saman tilsette og leiing i dei største pressområda i landet, og slå strek over kompetansemiljøa i Nordfjord og mange andre stader i distrikta, uttaler Alfred Bjørlo.

- For meg framstår det som umogleg å tenkje seg at mitt eige parti Venstre og dei andre regjeringspartia kan godta det framlegget som direktørane i Statens vegvesen no har lagt på bordet. No må politikarane syne kven som styrer landet, og at regjeringserklæringa sine ord om statlege kompetansemiljø over heile landet er meir enn fine ord, held ein mildt sagt irritert Eid-ordførar fram.

- Frå Eid si side har vi foreslått å prøve ut ein ny modell for "Statens Hus" på Nordfjordeid, der Statens vegvesen sitt forvaltningsmiljø blir samlokalisert med mindre avdelingar av Skatteetaten, Politiet, NAV og/eller jordskifterett for å skape eit samla, robust statleg fagmiljø - gjerne også saman med dei nye, såkalla robuste fylkeskommunane. Eg ventar at regjeringa grip dette forslaget med opne armar, og syner at det er mogleg å tenkje moderne, nytt og framtidsretta i distriktspolitikken i staden for den gamaldagse sentraliseringspolitikken som direktørane i Statens vegvesen står for, seier Alfred Bjørlo.