Reinseanlegga som ikkje er godkjende er spreidde over heile landet. (Illustrasjonsfoto)

Ein av tre nordmenn bur i ein kommune utan godkjent kloakkhandtering

Norske kommunar må utføre vedlikehaldsarbeid på vatn og avløp for nær 300 milliardar kroner. Ein av tre bur i kommunar utan godkjent kloakkhandtering.


Fram til 2040 er det eit vedlikehaldsetterslep i vass- og avløpssektoren på 280 milliardar kroner, seier direktør Thomas Breen i Norsk Vann til Aftenposten.


Rådgivande Ingeniørers Forening (RIF) har anslått eit etterslep på heile 390 milliardar kroner, 220 milliardar kroner til vassforsyningsanlegga og 170 milliardar til avløpsanlegga, ifølgje ein rapport som Aftenposten fekk tilgang til i juni.


Blant dei norske husstandane som er knytt til eit kommunalt avløpssystem, var 35 prosent knytt til eit ikkje-godkjent reinseanlegg i 2018. Det viser nye tal fråStatistisk sentralbyrå.


59 prosent tilhøyrer eit anlegg der reinsekrava er oppfylte, ein auke på 2 prosentpoeng samanlikna med året før.


Reinseanlegga som ikkje oppfyller krava, er både store og små og spreidde over heile landa, ifølgje SSB.


RIF undersøkte nyleg tilstanden på vassforsyningsanlegga i Noreg og konstaterte at gjennomsnittskarakteren på vassforsyningsanlegga er 3, på ein skala frå 1–5, der 5 er best (heilt ny), og 2 inneber at funksjonaliteten er trua.


RIF anslår at det vil ta 150 år før alle Noregs vassrøyr er fornya, gitt dagens utskiftningstempo.


Breen håper vatn og avløp blir eit heitt tema under valkampen. SV har tatt til orde for innføring av ein nasjonal vasspolitikk, medan folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) har poengtert at oppgradering av vass- og avløp er ansvaret til kommunane.


(©NPK)