Det var mange doningar oppstilte på Fjordhestgarden då nasjonalsongen vart sungen.

Ein 17. mai som vil bli hugsa

Surt, kaldt og grått med snøbyer i lufta og kvitt ned til 200 moh. Det var det som prega årets 17. mai på våre kantar. Lite folk å sjå utandørs var det også, men det var mange i bilane som toga rundt både i Gloppen og Jølster.



 

I Breim var det lagt opp til bilkortesje gjennom bygda med oppstilling på Fjordhestgarden før bilane tok ei ny runde til Reed opp i Øvrebygda og ned att til Byrkjelo der det heile starta.



Lang rekke

-Det var nesten utruleg at så mange møtte opp, var det ein breiming som sa rett før den store bilkortesjen starta frå bensinstasjonen på Byrkjelo. Der var det politi, brannbilar, ambulanse, lastebilar, traktorar og ei mengd personbilar. Med sirener, blinkande lys, tuting og musikk la den lange kortesjen ut på ruta som starta med ei runde i byggefeltet på Byrkjelo før vegen gjekk over Teitabrua og ned skuggesida til Fjordhestgarden. Der vart alle doningane stilte opp i beine rekkjer før "Ja vi elsker" tona utover plassen. Nokre få menneske var møtte opp for å sjå, men det var mange i bilane.

Då var det litt annleis å køyre frå Jølster til Breim der ikkje eit einaste menneske var å sjå på ein tur på over tre mil. Flagg såg vi over alt, men ikkje eit menneske å sjå før vi kom til Byrkjelo.



Også bilar på Skei

På Skei var det ingen arrangement, men det kom ei bilkortesje frå Førde som dura gjennom rundkøyringa og heldt fram nordover. Kanskje tjue menneske hadde møtt opp ved rundkøyringa, men vi får håpe at det var vêret som heldt folk unna. Dei som møtte opp fekk i alle fall sjå ei ganske lang kolonne med bilar av ymse slag som både tuta og blinka då dei dura forbi.



Det som kanskje var mest spesielt med denne dagen var at det var så lite born å sjå ute. Men vi møtte tre jenter på Skei som hadde møtt opp for å sjå på bilkortesjen.

Oline, Frida og Regine Heggheim hadde vore på besøk hos besta til lunsjbord, og så hadde dei ete is.

-Det har vore kjekt, men litt uvanleg, sa Olina på vegne av dei tre søstrene.

Lang rekke med bilar i alle storleikar ut frå Byrkjelo.
Søstrene Oline, Frida og Regine Heggheim tykte det hadde vore ein kjekk, men litt uvanleg 17. mai.
I rundkøyringa på Skei hadde nokre få menneske møtt opp for å sjå bilkortesjen frå Førde dure forbi.
I Breim var det også fleire traktorar med i kortesjen.
NRK med Benedikte Grov og Steinar Lote formidla det som skjedde i Breim.