Helge Eidsnes sluttar som regionvegsjef i midten av august.

Eidsnes sluttar som vegsjef

Regionvegsjef Helge Eidsnes sluttar i Statens vegvesen for å bli lufthavndirektør på Bergen lufthavn, melder vegvesenet på nettsidene sine.



Eidsnes har vore regionvegsjef i Region vest sidan 2011 da han kom frå stillinga som brannsjef i Bergen. Han startar i ny jobb i midten av august.

Spennande år
Helge Eidsnes har vore sjef for region vest i ein periode med store vegprosjekt, då først og fremst utbetring av E-39 gjennom Sogn og Fjordane, ny veg over Filefjell og oppgradering av tunnelar både her og der, for å nemne noko.
– Det er med tungt hjarte eg vel å slutte i Statens vegvesen. Dette har vore åtte gode, spennande og utfordrande år. Til hausten blir eg lufthavndirektør for Bergen lufthamn Flesland etter å ha takka ja til et tilbod frå Avinor, seier Eidsnes. Stillinga inngår i Avinor si konsernleiing
– Eg har trivast svært godt og skulle gjerne helde fram som leiar med å forme framtidas Statens vegvesen. Men, etter åtte år med svært omfattande reiseverksemd, så har både eg sjølv og familien eit sterkt ønske om at dette blir redusert framover. Det er vanskeleg å finne riktig tidspunkt for jobbskifte når ein har sentrale leiaroppgåver. Men eg tykkjer det er betre å gjere dette no, før eg tek på meg nye, langsiktige plikter i nye Statens vegvesen.
– Eg har i denne prosessen hatt samtalar med vegdirektøren før eg tok avgjerda. Eg set stor pris på dei gode samtalane og råda eg fekk frå Terje. Moe Gustavsen. Fram til eg går frå stillinga,, kjem eg sjølvsagt til å stå på for fullt for Statens vegvesen og våre tilsette sitt beste.



Ein bauta
– Det er alltid leit å miste ein så god fagmann, dyktig leiar og heilstøypt person som Helge. Han har spela ei viktig rolle i Vegvesenet – både i Vest, i leiargruppa og som leiar og bidragsyter innan mange viktige prosjekt. Han set mange spor etter seg og har vore ein «bauta», seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen som takkar Helge Eidsnes for innsatsen og ønskjer han lukke til vidare.
Helge Eidsnes har vore kjend for å ha årlege pressebrifingar her i fylket for å orientere om situasjonen på vegfronten i lag med fylkeskommunen.

Helge eidsnes (t.v.) i lag med samferdsledirektør i fylkeskommunen, Dina Lefdal og avdelingsdrektør i vegvesenet, Sven egil Finden.